Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen opna tysdag det han meinte var den viktigaste konferansen for ein av dei viktigaste næringane her til lands – den maritime industrien.
I samband med opninga av verftskonferansen i Ålesund fekk han utdelt det ferske sjøkartet frå Maritim bransjeforening i Norsk Industri av styreleiar Ove Wilhelmsen.
er tenkt som eit verktøy for næringa og gir ein oppsummering av rammer, moglegheiter og avgrensingar. Sjøkartet viser mellom anna veg til korleis ein kan kutte utsleppa i innanriks skipsfart med 50 prosent innan 2030.
– Det er også viktig at vi framleis har attraktive, og kanskje meir offensive finansieringsordningar for å sikre at vi ikkje berre får løfta dei små prosjekta, men også dei store, la Wilhelmsen til.
– Vi har veldig mange av systema på plass, men det betyr ikkje at vi er ferdige, la han til og viste til at kursen må justerast undervegs.
Næringsministeren trekte også fram satsinga på Ocean Space Lab og grønare skipsfart som viktig for den maritime klynga i regionen.
Då dei starta arbeidet med å sjå nærare på dei ulike støtteordningane, ville Røe Isaksen vite kor mange ulike ordningar bedrifter i den maritime klynga kunne nytte.
– Vi stoppa å telle då vi kom til 180 ulike ordningar. Eit så fragmentert system gjer det vanskeleg å finne fram, men også å få til dei store løfta, påpeika han.
I samband med opninga av verftskonferansen i Ålesund fekk han utdelt det ferske sjøkartet frå Maritim bransjeforening i Norsk Industri av styreleiar Ove Wilhelmsen.
er tenkt som eit verktøy for næringa og gir ein oppsummering av rammer, moglegheiter og avgrensingar. Sjøkartet viser mellom anna veg til korleis ein kan kutte utsleppa i innanriks skipsfart med 50 prosent innan 2030.
– Det er også viktig at vi framleis har attraktive, og kanskje meir offensive finansieringsordningar for å sikre at vi ikkje berre får løfta dei små prosjekta, men også dei store, la Wilhelmsen til.
– Er ikkje ferdige
Næringsministeren påpeika i si innleiing kor viktig det var å få på plass handelsavtalar, for å sikre stabile rammer for verksemdene. Å sørge for at det er på plass, er den viktigaste jobben, meiner han sjølv.– Vi har veldig mange av systema på plass, men det betyr ikkje at vi er ferdige, la han til og viste til at kursen må justerast undervegs.
Næringsministeren trekte også fram satsinga på Ocean Space Lab og grønare skipsfart som viktig for den maritime klynga i regionen.
Går gjennom verkemiddelapparatet
Samtidig er det set i gong eit arbeid med ei stortingsmelding for maritime næringar og ein gjennomgang av verkemiddelapparatet.Då dei starta arbeidet med å sjå nærare på dei ulike støtteordningane, ville Røe Isaksen vite kor mange ulike ordningar bedrifter i den maritime klynga kunne nytte.
– Vi stoppa å telle då vi kom til 180 ulike ordningar. Eit så fragmentert system gjer det vanskeleg å finne fram, men også å få til dei store løfta, påpeika han.
Meir om verftskonferansen:
Publisert: 06.11.2019 01:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43