Kontrakten er med STX France og dreier seg om elektroarbeid i to av sju soner på ein serie av cruiseskip til reiarlaget Celebrity Cruises. Dette reiarlaget er dotterselskap til Royal Caribbean Cruises.
Havyard opplyser i ei pressemelding at kontrakten omhandlar fire cruiseskip i Edge-serien med opsjon på ytterlegare eitt cruiseskip i same serie.
Arbeidet på første nybygget startar allereie i april og sikrar arbeid ut 2022.
Skipa skal byggjast STX France-verftet i Saint Nazaire.
Direktør Nedim Jakupovic i HPR (Havyard Production & Service) seier i pressemeldinga at kontrakten er viktig.
- Som andre bedrifter som har hatt sin største marknad innan offshore skipsbygging, ser vi at det er utfordrande tider. Det har difor vore eit auka fokus i HPR på andre marknader, og vi har no fått vår første kontrakt innan cruisesegmentet.
- Det er eit viktig gjennombrot for oss. Kontrakten er også gledeleg fordi vi no sikrar sysselsetjing for ein stor del av våre tilsette i fleire år framover.
- Gjennom denne kontrakten vil HPR kunne sikre lønsam vekst gjennom auka ekstern aktivitet. STX er eit flott selskap og Frankrike eit spennende land, så denne kontrakten blir viktig for fremtida og for at HTP skal nå sine mål.
HPR har hovudkontor i Polen, og har avdelingar i Norge og Danmark. Selskapet har rundt 300 tilsette.
I 2016 var omsetninga rundt 150 millionar kroner og resultatet rundt 3,5 millionar kroner.
No skal det etablerast også kontor i Frankrike.
Saka vert oppdatert.
Havyard opplyser i ei pressemelding at kontrakten omhandlar fire cruiseskip i Edge-serien med opsjon på ytterlegare eitt cruiseskip i same serie.
Arbeidet på første nybygget startar allereie i april og sikrar arbeid ut 2022.
Skipa skal byggjast STX France-verftet i Saint Nazaire.
- Viktig gjennombrot
Kvart av skipa i Edge-serien har kapasitet til 2 900 passasjerar, har ei lengde på 300 meter og veg heile 117 000 bruttotonn.Direktør Nedim Jakupovic i HPR (Havyard Production & Service) seier i pressemeldinga at kontrakten er viktig.
- Som andre bedrifter som har hatt sin største marknad innan offshore skipsbygging, ser vi at det er utfordrande tider. Det har difor vore eit auka fokus i HPR på andre marknader, og vi har no fått vår første kontrakt innan cruisesegmentet.
- Det er eit viktig gjennombrot for oss. Kontrakten er også gledeleg fordi vi no sikrar sysselsetjing for ein stor del av våre tilsette i fleire år framover.
300 tilsette
Konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard seier at kontrakten med STX er i tråd med strategien i Havyard om å verte eit leiande maritimt teknologiselskap.- Gjennom denne kontrakten vil HPR kunne sikre lønsam vekst gjennom auka ekstern aktivitet. STX er eit flott selskap og Frankrike eit spennende land, så denne kontrakten blir viktig for fremtida og for at HTP skal nå sine mål.
HPR har hovudkontor i Polen, og har avdelingar i Norge og Danmark. Selskapet har rundt 300 tilsette.
I 2016 var omsetninga rundt 150 millionar kroner og resultatet rundt 3,5 millionar kroner.
No skal det etablerast også kontor i Frankrike.
Saka vert oppdatert.
Kontrakten er også gledeleg fordi vi no sikrar sysselsetjing for ein stor del av våre tilsette i fleire år framover
Publisert: 16.03.2017 09:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07