Com Net foto Com Net 22
STORE VERDIAR TAPT: I staden for oppsving i aktiviteten på service- og ettermarknaden for tele-, fiber- og datanettverk, rann pengane ut av Ulstein-selskapet Com-Net før det blei meldt oppbod november 2023. Foto: Com-Ne
Nytt

Ferdig med omfattande konkurssak

Bubehandlinga medførte mykje arbeid og stor advokatrekning. Men kreditorane fekk ingenting.

Marius Rosbach
05.11.2024

Møre og Romsdal tingrett innstilte førre veke bubehandlinga i konkurssaka etter Ulstein-selskapet Com-Net. 

Bakgrunnen er at det ikkje var midlar i buet til å dekke kostnadene ved å fortsette arbeidet, og at retten ikkje ser at det har noko hensikt å halde fram. 

Bustyrar Linda Brevik har tidlegare fortald til Nett No at det var lite truleg at det vart noko att til kreditorane

Det blir stadfesta i sluttberetninga frå bustyraren som er sluttført 22. oktober. Til saman kom det inn 113 krav på drygt 23 millionar kroner, ifølgje rapporten. 

Lukkast ikkje å finne investorar
Ulstein-firmaet som dreiv utbygging og levering av tele-, fiber- og datanettverk på Nordvestlandet, blei første gong registrert i 2015.  

Selskapet pådrog seg eit stort underskot og det blei jobba i lengre tid med å skaffe nye investorar og kapital. Det lukkast ikkje, og i staden tredobla gjelda seg det siste året, viste den første rapporten frå bustyraren. 

I 2022 kom investeringsselskapet Teal Venture - som også gjekk konkurs i desember 2023 - inn som nye eigarar. Com-Net var i full drift med 24 tilsette som venta lønn, då selskapet melde oppbod hausten 2023.  

Føreslår ikkje konkurskarantene
Bustyrar føreslår ikkje konkurskarantene for dagleg leiar eller styreleiar. 

Likevel blir det vurdert at manglande sikring av skattetrekk for løna til dei tilsette i september 2023, ein dryg månad før konkursen, er eit brot på skattelovgivinga. 

Bustyrar skriv vidare er at dette synest å vere ei eingongshending utløyst av den prekære økonomiske situasjonen selskapet var i, og let det vere opp til skattestyresmaktene om ein bør melde forholdet til politiet. 

Omfattande og ressurskrevjande bubehandling
I rapporten kjem det fram at arbeidet med konkursen har vore omfattande og ressurskrevjande. Mellom anna har det vore svært mykje telefonar og e-postar frå tilsette, og det er behandla 82 krav etter lønnsgarantiordninga. 

Buet blei også trekt inn i eit søksmål frå ein tidlegare tilsett ved LO, men det blei inngått eit forlik ved starten av året.

Etter å ha brukt nær 317 timer på arbeidet avgjorde tingretten at bustyrar skal ha eit salær på 560.000 kroner. Nær halvparten av advokatrekninga blir dekka av Nav sin lønnsgarantiordning. 

Publisert: 05.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 04.11.2024 21:33

Mer om