Com Net foto Com Net 22
24 TILSETTE RÅKA: Bustyraren fortel at det var krevjande for dei 24 tilsette då arbeidsgivaren gjekk konkurs dagen før dei skulle ha lønn i november i fjor. Foto: Com-Net
Nytt

Store verdiar tapt i Ulstein-konkurs

Det meste var pantsett i elektro- og telecom-selskap. Krav til buet på 22 millionar kroner.

Marius Rosbach
09.01.2024

Måndag var det skiftesamling i Møre og Romsdal tingrett i konkurssaka etter Com-Net.

Ulstein-selskapet melde oppbod i november og krava mot firmaet er no kome opp i 22 millionar kroner. Det viser den førebelse innberetninga frå bustyrar Linda Brevik.

Her kjem det fram at leiinga jobba i lengre tid for å få inn ny investorar utan å lukkast. I staden rann pengane ut av selskapet og gjelda nær tredobla gjelda seg det siste driftsåret, viser rapporten.

I rapporten kjem det også fram at det truleg ikkje blir noko att til kreditorane. Det stadfestar også bustyrar Linda Brevik til NETT NO.

– Det verkar lite truleg per i dag, seier ho.

Storkrav frå DnB
En betydeleg del av krava kjem frå storbanken DnB. Selskapets bokførte kundefordringar på 8,5 millionar kroner har i utgangspunktet ikkje verdi for buet, ettersom fordringar var pantsett til fordel for banken.

DnB har meldt inn krav med bakgrunn i pant på drygt 7,9 millionar, og knappe 3,6 millionar for diverse leasing- og låneavtaler på bilar og utstyr.

Buet vil gjere ei grundige gjennomgang av kontoutskrifter og ulike punkter i rekneskapen, mellom anna for å vurdere om det i tida før konkursopninga er gjort disposisjonar som buet kan krevje omstøytt.

I full drift på konkurstidspunktet
Verksemda var i gong då tingretten opna konkurs etter oppbod frå leiinga. Bustyraren instruerte selskapet om å innstille all drift straks og be dei tilsette legge ned arbeidet.

– Den innleiande fasen av buet var krevjande, ikkje minst for dei tilsette, seier bustyraren om arbeidet med saka.

Com-Net hadde 24 tilsette som venta å få utbetalt lønn dagen etter konkursen. Fleire jobba på ulike plassar i landet. I selskapet var óg eit stort antal bilar og ulike leigeavtaler som måtte handterast.

Kraftig inntektsfall
Rekneskapane viser eit kraftig inntektsfall dei siste åra, frå 40 til 26 millionar i 2022. Rapporten frå bustyraren viser rekneskapsførte inntekter på knappe 18 millionar og eit underskot på knappe 7,7 millionar.

Bustyrar Brevik ventar at arbeidet med buet vil ta «noko tid», avhengig av resultatet av granskinga av rekneskapane. I tillegg er det mange lønnsgarantisaker som skal handterast.

Frank Håkon Garnes og Karsten Gefle var dei sentrale personane og eigarane i både Com-Net og investeringsselskapet Teal Venture, som også melde oppbod på slutten av fjoråret.

Gefle har vore styreleiar Teal Venture og Com-Net, medan Garnes har vore dagleg leiar i Com-Net, og styremedlem i begge selskapa.

NETT NO fekk ikkje kontakt med styreleiar Karsten Gefle måndag.

Publisert: 09.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 08.01.2024 23:01

Mer om