Mf kvaløy foto mr fylke 11
UTE AV DRIFT: Ferja MV Kvaløy trafikkerer til vanleg Utasundssambandet mellom Småge, Orta, Sandøya, Finnøya og Ona. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Ferje må skifte hovudmotor

Oppdrag for Havyard-verft.

Marius Rosbach
03.01.2022

Ferja MV Kvaløy må skifte hovudmotor og installasjonen skal skje ved Havyard-verftet i Leirvik.

Reiarlaget Torghatten Nord har tinga ny motor av typen Baudouin 12M26.3, ifølgje ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ferja trafikkerer til vanleg Utasundssambandet mellom Småge, Orta, Sandøya, Finnøya og Ona.

Sjølve arbeidet skal skje i januar og ferja skal vere tilbake i rute i starten av februar.

Bakgrunnen for motorskifte er eit havari kort tid etter verkstadopphald i haust.

Verken reiarlag, verft eller motorprodusent har førebels klart å finne ei konkret årsak til havariet.

Publisert: 03.01.2022 12:01

Sist oppdatert: 03.01.2022 12:04

Mer om