Ferjekontrakt til 2 6 milliardar til Fjord 1
TEK OVER: Ferjereiarlaget Norled blir skifta ut med Fjord 1 på strekninga Hareid - Sulesund. 
Nytt

Ferjekontrakt til 2,6 milliardar til Fjord 1

Fjord 1 skal trafikkere Hareid-Sulesund og Aurnes-Magerholm.

13.03.2017
Fjord 1 har utkonkurrert Norled som trafikkerer Hareid-Sulesund i dag, og forsvart oppdraget selskapet allereie har med å trafikkere Aursnes - Magerholm. Det har Møre og Romsdal fylkeskommune avgjort.
Dei to kontraktane startar høvesvis 1. januar 2019 og 1. januar 2020, og varer til og med ut 2030.

Store CO2-kutt

I alt skal det settast inn fem elektriske ferjer på dei to sambanda. Alle skal gå på elektrisitet og ladast frå land.
Ferjene vil også få dieselmotor som reserve, men kravet frå fylket er at 95 prosent av drifta skal gå på elektrisitet. Det skal reduserer CO2 utsleppa med 89 prosent, frå 18.000 til 1.900 tonn i året.

Milliardoppdrag

Tildelinga av jobben med å trafikkere dei to ferjestrekningane til og med 2030 betyr truleg og bygging av fem nye ferjer.
NETT NO har tidlegare anslått at det kan bli snakk om byggeoppdrag på til saman rundt ein milliard kroner å konkurrere om.

Publisert: 13.03.2017 18:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07