Ferje fjord1 sulesund
PRISKUTT: I samband med tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet måndag, kjem regjeringa med eit kutt på 30 prosent på ferjene frå årsskiftet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ferjeprisene vidare ned

Budsjettlekkasje på Vestnes-Molde-ferja om kutt på 30 prosent i ferjeprisane.

Marius Rosbach
06.11.2021

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) kom laurdag med ei lekkasje frå måndagens forslag til endringar i statsbudsjettet frå regjeringa. Statsråden var om bord på Vestnes-Molde-ferja då nyheita blei slept.

– Vi skal gjere eit kraftfullt grep på ferjeprisear, der vi skal redusere dei med 30 prosent. Vi bruker samla sett nær innpå ein milliard kroner, uttaler Nygård til VG.

Reduksjonen på 30 prosent er målt mot prisane slik dei var 1. januar 2020, og skal gjelde både riks- og fylkesferjer. Priskuttet er i tråd med kva stortingsfleirtalet blei samde om i vår, som inneberer at prisane skal halverast i løpet av komande stortingsperiode.

Publisert: 06.11.2021 13:53

Sist oppdatert: 06.11.2021 14:06

Mer om