Ferjeduellantar samde om éin ting
Dei er rykande ueinige om mykje - men dei vil jobbe saman for fylket.
Maritimt Forum Nordvest og Ferjeaksjonen Møre og Romsdal inviterte måndag til ferjepolitisk debatt mellom Per Vidar Kjølmoen (Ap) og Frank Sve (Frp).
Fylkestoppane har vore rykande usamde både i lesebrevspaltene og politikken i denne saka. Slik var situasjonen også då dei utfordra kvarandre til duell om bord på MS Bruvik i Ålesund.
Samde om å jobbe saman
Målet med debatten var å få fram kva som er gjort, og kva som må gjerast vidare, fortel Henrik Dalelid Vedde som er dagleg leiar i ferjeaksjonen og seniorrådgjevar i Maritimt Forum Nordvest.
Han var difor nøgd med at dei to politikarane iallfall var samde om ein ting:
– Vi fekk begge til å love at dei skulle stå saman i arbeidet for ferjefylket Møre og Romsdal. Det vil vere viktig for å halde oppe trykket i kampen for lågare prisar og betre tilbod, fortel Vedde til NETT NO etter debatten.
Skal halvere prisane
Etter at ferjeprisane segla opp som ei rikspolitisk sak i vinter, blei fleirtalet på Stortinget samde om ein nedtrappingsplan.
Målet er halvert pris i løpet av komande stortingsperiode, og første skritt blei teke i revidert nasjonalbudsjett i mai.
Fleirtalet var også tydelege på at staten må sørge for at inntektene til fylket blir kompensert av meirkostnaden ved å ta i bruk null- og lågutsleppsteknologi på ferjer og hurtigbåtar.
Publisert: 07.09.2021 08:54
Sist oppdatert: 07.09.2021 10:16