Finansgevinsten i samband med refinansieringa i fjor gjorde at Golden Energy Offshore Services kom ut av 2018 med eit resultat før skatt på 75,6 millionar kroner i fjor.
I fjor hadde offshorereiarlaget i Ålesund to eigne skip i arbeid, Energy Scout og Energy Swan, som tilsaman segla inn 61,2 millionar kroner i driftsinntekter.
I år har reiarlaget tatt over to Kina-bygde skip.
Ein vellukka emisjon i aksjemarkaden sikra den finansieringa selskapet ville ha for å ta over dei to skipa.
I fjor haust fekk selskapet på plass lånefinansiering for å ta over fleirbruksskipa Larissa og Despina.
Men transaksjonen er ikkje gjennomført. Appetitten i aksjemarknaden på ei slik investering var ikkje god nok i fjor skriv selskapet i årsmeldinga for 2018.
I følgje administrerande direktør Per Ivar Fagervoll er lånefinansieringsavtalen gjeldande og målet er framleis å ta over Larissa og Despina, men at selskapet vil ha minst mogleg lån. Han vil ikkje spekulere i når ein emisjon kan vere på plass.
Målet er og å slå Golden Energy Offshore Services saman med managementselskapet Golden Energy Offshore Management. Managementselskapet driv i alt ni offshorefarty, medrekna Larissa, Despina og dei fire skipa som er eigd av Golden Energy Offshore Services.

Publisert: 31.05.2019 17:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35