Finanstilsynet uroleg for feil skipsverdiar
VERDI: På grunn av den fallande supplymarknaden er Finanstilsynet uroleg for at offshoreselskapa opererer med for høg verdifastsetjing av sine skip. Her offshoreskip ved kai i Bergen.
Nytt

Finanstilsynet uroleg for feil skipsverdiar

Finanstilsynet ber offshoreselskapa vise større aktsemd i fastsetjing av skipsverdiar.

02.02.2016
Dette kjem fram i eit brev til Oslo Børs etter at Finanstilsynet har sett nærare på årsrekneskapen til offshoreselskapet DOF for 2014.
Bakgrunnen for kontrollen var svekkinga i supplymarknaden på slutten av 2014, og difor ønskte tilsynet å sjå nærare på DOF sine nedskrivingstestar, inkludert om DOF hadde innhenta verdiestimat frå uavhengige tredjepartar.
I slutten av 2014 hadde DOF 74 heil- eller deleigde skip, samt ein flåte med 64 ROV-ar. Ved årsskiftet utgjorde skipsverdiane 74 prosent av verdiane i balansen.

Usikre verdiar

Finanstilsynet har kome med fleire påpeikingar til DOF, som selskapet har tatt til etterretning. Finanstilsynet ser dermed den konkrete saka som avslutta, men tilsynet kjem med klare oppfordringar til dei øvrige offshoreselskapa om å vise større aktsemd i verdsetjinga av skip.
Tilsynet viser til at supplymarknaden har vorte ytterlegegare svekka utover i 2015, og det har vore færre transaksjonar som har kunna danna grunnlaget for meklarestimata.
«På grunn av manglende likviditet i markedet for supplyskip har flere meglere etter hvert også tatt forbehold om at dette skaper betydelig usikkerhet rundt estimerte skipsverdier,» skriv tilsynet.

Eigne vurderingar

Finanstilsynet tilrår at selskapa gjer eigne utrekningar for å vurdere kor robust dei estimerte takstane er.
Dette skal skje for å «danne seg en egen oppfatning av de forutsetninger som implisitt ligger til grunn for de estimerte skipsverdiene samt ved å gjennomføre sensitivitetsanalyser,» vert det fastslått.
Tilsynet strekar også at det er viktig å vurdere dei implisitte forutsetningane opp mot eventuell øvrig tilgjengeleg marknadsinformasjon.
«Finanstilsynet oppfordrer foretak til å etterspørre og kreve mer utfyllende dokumentasjon på den verdsettelsesmetodikk og forutsetninger som ligger til grunn for meglerestimatene, og å være særlig aktsom i vurderingen av om takstene er utarbeidet i samsvar med kravene i IFRS 13.» (International Financial Reporting Standards 13, red merk).

Publisert: 02.02.2016 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52