Cathrine Kristiseter Marti foto Ogne
Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti har ein eigar som er optimistisk både på Vard og det øvrige Fincantieri-konsernet sine vegne. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fincantieri-optimisme på alle frontar

Vard-eigaren ser opptur i alle marknadane konsernet er i.

25.03.2026

Italienske Fincantieri er ein av dei store cruiseskapsbyggjarane i verda, og bygger alt frå krigsskip til infrastruktur, konstruksjonar og anlegg på havbotnen.

Gjennom dotterselskapet Vard byggjer Fincantieri i hovudsak båtar til kabel- og rørlegging, i tillegg til olje-, gass- og vindkraftbransjen til havs

Ferske tal frå konsernet viser at lønsemda Fincantieri vart kraftig betra frå 2024 til 2025. Fincantieri trur óg på framgang i alle forretningsområda sine.

  • Sjå tabell under

Forrretningområdet offshore og spesialskip er ei reindyrka Vard-verksemd .

Cruise, forsvar og energi
Årsaka til optimismen er den same som då selskapet la fram halvårsrapporten for første halvår 2025:

  • Vekst og stor etterspørsel frå cruisemarknaden.
  • Auka etterspørsel etter nye militære fartøy på grunn av krig og internasjonal uro.
  • Auka etterspørsel etter energi frå havet - både i form av olje og gass og vindkraft. 

Over 18 prosent vekst
Berre frå i fjor og fram til 2030 trur Fincantieri på ei auke i marknaden for forsvarsskip på over 18 prosent: 

«Den noverande komplekse geopolitisk situasjonen driv fram ein gradvis aukande etterspurnad etter forsvarsmateriell. Dei globale forsvarsbudsjetta som vert løyvde av statar, er venta å overstiga 2,9 billionar USD i 2030 – ein auke på 18,6 prosent samanlikna med 2025 (om lag 2,5 billionar USD). Utgiftene til marineeiningar er venta å veksa i samsvar med denne utviklinga. På denne bakgrunnen har konsernet identifisert kommersielle moglegheiter i perioden 2026–2030 på over 56 milliardar euro, der om lag 23 milliardar euro har ein middels til høg sannsynlegheit for å bli realiserte», skriv selskapet i årsrapporten for 2025. 

Konkurrerer om norske skip
Vard har tre verft på Nordvestlandet, i Søvika, Brattvåg og Tomrefjord. Verftet i Tomrefjord (Vard Langsten) har nyleg levert tre kystvaktskip til det norske forsvaret, og er Vard-konsernet sin spesialist på slike fartøy.

Vard har varsla at dei skal vere med i konkurransen om å bygge inntil 28 nye standardiserte fartøy til Sjøforsvaret.

Fincantieri var også eit av konkurrentane til å levere dei nye fregattane til forsvaret, men måte gi tapt for britiske BAE Systems.

Fincantieri-konsernet  
Tal i mill. Euro20252024
Driftsinntekt91948128
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)681509
Driftsresultat368246
Resultat etter skatt11727
   
Forretningsområde skipsbygging  
Tal i mill. Euro20252024
Driftsinntekt65925729
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)451349
Ordreinngang1777312517
Ordrebok4340233757
   
Forretningsområde offshore og spesialskip*  
Tal imill. Euro20242023
Driftsinntekt13561382
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)7271
Ordreinngang12911559
Ordrebok35983390
   
* Frå og med 2023 er Vard-verfta i Romania rekna inn i dette forretningsområdet.  

Publisert: 25.03.2026 15:02

Sist oppdatert: 11.05.2026 14:17