Fiskebåt rederikonferansen
STORE VERDIAR: God lønsemd i fiskeria har sendt verdien av fiskekvotane til slike høgder generasjonskifte i fiskebåtreiarlaga kan bli svært krevjande.
Nytt

Eldrebølgje i fiskebåtreiarlaga

Over halvparten av dei største eigarane i fiskebåtreiarlaga på Nordvestlandet når pensjonsalderen dei neste 10 åra.

07.05.2022

NETT NO har gått gjennom aksjonærlistene hos 54 fiskebåtreiar på Nordvestlandet. Hos knappe 60 prosent - seks av ti - av dei er den største aksjonæren fødd i 1965 eller tidlegare.

Hos nokre er det allereie gjort endringar på eigarsida som tyder på at selskapa har budd seg, eller er i ferd med å bu seg, på eit generasjonsskifte.

Men hos omlag halvparten er det få eller ingen teikn i eigarstrukturen til at eit komande generasjonsskifte er under oppsegling.

Korleis generasjonsskifte skal gjerast i fiskebåtreiarlaga blir tema under Rederikonferansen i Ålesund 19. mai.

Saman med Ola Øvrelid for Sparebank1 SMN, Runar Debess frå Sparebanken Møre og revisor Eldar Zahl i BDO skal Henrik Grung i advokatselskapet Kvale innleie om temaet under konferansen.

Store verdiar
Hovudutfordringa i fiskebåtreiarlaga er at kvotane - retten til å fiske ein andel av dei samla norske fiskekvotane - har blitt mange gangar meir verdt dei siste tiåra.

Med god lønsemd i fisket, gjekk også prisen på kvotane til vers.

For ein stor ringnotbåt, som har så mykje kvote som der er lov å ha, er verdien av kvotane rundt 850 millionar kroner, får NETT NO opplyst frå fleire hald.

For torsketrålarane kom lønsemda og verdiauken på kvotane seinare enn for ringnotflåten. Men også i denne flåten er ein båt som er i det øvre skiktet, har kvotar for rundt 850 millionar kroner.

Tresifra millionverdiar
Med slike verdiar på fiskekvotane er det store verdiar aksjonærane kan vere usamde om fordelinga om. Slik som dei er i reiarlaget som eig fiskebåten Malene i Austevoll og i Hermes-reiarlaget i Tromsø.

Der handlar det om verdiar for høvesvis 800 og 600 millionar kroner, ifølgje Fiskeribladet.

I begge selskapa er det familiemedlemer som er eigarane, slik det var i Torbas, der brødrene Tore og Agne Lyng og Kvalsvik-familien til slutt enda med eit forlik.

Utfordrande lovverk
Kven som har lov til å eige fiskebåtar er regulert av den såkalla deltakarlova. Den krev mellom anna at majoritetseigarenmå vere definert som ein aktiv fiskar. Minst 50,1 prosent av aksjane må vere eigd av aktive fiskarar.

Å vere aktiv fiskar betyr i utgangspunktet at du skal drive fiske, men i praksis kan du vere innanfor om du har arbeidet på reiarkontoret på land.

Denne regelen gjer det vanskeleg å fordele eigarskapet på mange småaksjonærar, som kan vere passive og få utbytte inn på kontoen kvart år.

Det gjer det også vanskeleg på finne reine finansielle investorar, fordi det er lite freistande å investere opptil tresifra millionbeløp og i praksis sitte med minimal makt i selskapet.

Publisert: 07.05.2022 05:00

Sist oppdatert: 19.05.2022 12:21

Mer om