Fiskebaat topp Nei til ressursrente
IKKJE NO: Tida er ikkje inne for at fiskarane må betale for retten til å fiske, meiner administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt.
Nytt

Fiskebåt-topp: Nei til ressursrente

Når oppdrettsnæringa slepp ressursrente er det urimeleg å innføre det for fiskarane, meiner Audun Maråk i Fiskebåt.

25.06.2015
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker varsla før helga at eit utval skal vurdere heile kvotesystemet for fiskeflåten, også om fiskarane bør betale for å fiske.
Både i olje- og kraftbransjen må bedriftene betale ein ekstraskatt for retten til å utnytte felles naturressursar. Ei slik ressursrente - som ekstraskatten blir kalla - bør og vurderast for fiskeria, meiner Aspaker.


Dårleg tidspunkt

Fiskebåt, som er bransje- og interesseorganisasjonen til eigarane av den havgåande fiskeflåten, har alt for mange år sidan stilt seg open til innføring av ei ressurrente, men på vilkår. Dei vilkåra er ikkje oppfylde no, meiner administrerande direktør Audun Maråk.
- Debatten om ressursrente kjem på eitt eller anna tidspunkt, men tidspunktet no er ikkje det rette, seier han.
Eit kompromiss i Stortinget i vår enda med at det , ei avgift som ville vere ei skattlegging av retten til å bruke fellesskapets kystareal til oppdrett. Ei slik avgift ville i vere ei form for ressursrente for oppdrettsnæringa, men det blir det ikkje noko av i denne omgang.

Svakare lønsemd

Kompromisset i Stortinget må få følgjer også for fiskerinæringa, meiner Maråk. Når oppdrettsnæringa slepp arealavgift, trass i at den lenge har hatt betre lønsemd enn fiskeria, er det urimeleg å innføre ressursrente for tradisjonelt fiskeri, meiner Maråk.
Hadde oppdrettsnæringa blitt pålagt arealavgift hadde det auka sjansen for at også fiskarane måtte betale for retten til å fiske, trur Maråk.
- Då hadde det vore vansklegare å argumentere mot ei ressursrente, seier han.

Best for samfunnet

Så langt har samfunnet hatt meir att av at fiskarne ikkje er pålagt ei ressursrente, meiner Maråk.
Fiskerinæringa er grunnlaget for mykje av verfts- og utstyrsindustrien, og offshornæringa og delvis oppdrett spring ut av fiskeria, i følgje Maråk.
- Det har lønt seg for samfunnet at ressursrenta har blitt att hos aktørane i fiskerinæringa, seier Maråk.


Nyttig diskusjon

Utvalet som Aspaker har sett ned skal vurdere heile kvotesystemet, og Maråk helsar ein slik gjennomgang velkomen.
- Eg trur vi vil få opp ein diskusjon som vil mogne framtidige prosessar, seier han.
I dag er fiskekvotene fordelt på fleire ulike typer farty, der kvar fartygruppe skal han sin andel av dei totale fiskekvotane. Maråk reknar med at utvalet mellom anna vil vurdere ei endring der fartygrupper blir slått saman. Han venter og at regelverket for kva skal reiskap dei ulike fartya kan bruke blir mjuka opp, og at avgrensingane for handle med fiskekvoter mellom ulike landsdelar blir mindre strenge enn idag.

Nøgd med kvotetaket

Fiskebåt har fleire gongar arbeidd for å få heva grensa for kor store kvoter som kan samlast på ei båt. Det er ein poilitkk som har ført til at fisket er blitt samla på færre båtar, og grunngjevinga har vore at større kvote pr. båt må til for å få lønsemda opp.
Maråk avviser ikkje at Fiskebåt kan meine at eit heving av kvotetaket blir naudsynt i framtida, men nett no meiner organisasjonen at kvotetaket er på det nivået det bør vere innan havfiskeflåten.
For kystflåten, derimot, bør kvotetaket hevast, i følgje Maråk.


Debatten om ressursrente kjem på eitt eller anna tidspunkt, men tidspunktet no er ikkje det rette

Publisert: 25.06.2015 06:00

Sist oppdatert: 03.01.2022 13:20