Audun Maråk fiskebåt 2024 årsmøte foto Ogne
PROTESTERTE: Audun Maråk er administrerande direktør i fiskebåt, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten. Fiskebåt si vurdering er at det opphavlege framlegget i kvotemeldinga ville gi 2000 fiskarar i havfiskeflåten 50.000 i tapt inntekt i året. Bilete er frå organisasjonen sitt årsmøte i februar 2024. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fiskebåt: Trur på stabilitet

Fiskebåt-sjefen er ikkje fornøgd, men reknar med at forlik sikrar ro og stabilitet om fordelinga av fiskekvotane.

19.04.2024

Regjeringspartia Ap og Sp vart i dag samde med Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet om korleis fiskekvotane skal fordelast mellom ulike grupper fiskarar.

I kvotemeldinga regjeringa la fram i januar i år foreslo den å la fiskarane i den minste kystflåten får ein større andel av fiskekvotane, på bekostning av fiskarane og eigarane av den havgåande fiskeflåten og større kystfiskefartøy.

Forliket inneber at omfordelinga blir ståande, men at den ikkje blir så omfattande som regjeringa ville.

Klikk på lenka under for å lese artikkelen, der heile forliket er gjengitt.

Frykta 50.000 i tapt inntekt
Etter Fiskebåt sin vurdering ville regjeringa si kvotemelding innbere ei overføring av kvotar verdt 100 millioner kroner frå andre til fiskarar på dei aller minster båtane. Basert på fangst og prisar i 2023 vil endringar utgjere 50.000 kroner i tapt årsinntekt for 2000 fiskarar, ifølge Fiskebåt.

No blir omfordelinga mindre. Det skjer ved at havfiskeflåten får einerett på alle ledige såkalla tredjelandskvotar. Deter kvotar andre land kan bytte til seg mot å gi norske fiskarar rett til å fiske tilsvarande kvote i deira farvatn. Desse tredjelandskvotane blir ikkje alltid bytta bort, og det er dei kvotane havfiskeflåten skal få. I tillegg slepp havgåande fartøy i såkalla konvensjonell gruppe å gi to prosent av si kvote til dei minste fartøya.

Skuffa, men...
Bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt reagerte sterkt på framlegget om omforedeling i kvotemeldinga, og Maråk er framleis ikkje fornøgd.

- Vi er skuffa over at det skjer ei omfordeling frå hav til den mindre kystflåten, seier han og listar opp i fire punkt kvifor han mener dette er uheldig:* Det reduserer den samla verdiskapinga.

* Det gir færre heilårsplassa både på sjøen og på land:
* Samla sett gir gir det meir farlege arbeidsvilkår i fiskeflåten.
* Noreg blir mindre til stades i havområda i nord.

Det er også eit men i Maråk si vurdering.

- Det gir ein større grad av stabilitet og forutseigbarheit, seier han om avtalen,

Så sant vilkåra i avtalen mellom partia blir innfridde reknar han no med stabilitet i kvotefordeling og ikkje omkampar ved regjeringsskifte.

- Det at ein har eit så breitt fleirtal gjer at ein har grunn til å tru at dette blir liggande fast i lang tid, seier han.

Han er også nøgd med at tidsavgrensa kvotar - såkalla strukturkvoter - skal fordelast på fartøy i same gruppe, når tida for reiarlaga som har desse kvotane er ute.

Kompromiss
Stortingsrepresentant Olve Grotle (H) seier forhandlingane om eit kompromiss skaut fart denne veka.

Han erkjenner at Høgre ikkje nådde fram med sitt syn, at fordelinga av fiskekvotan ikkje skulle endrast på, men seier ein no har fått eit kompromiss med eit breitt fleirtal bak som gir næringa føreseielege vilkår.

Kan bli meir strid
Om kompromisset skaper ro om kvotemeldinga er det ikkje sikkert fiskeripoltikken blir utan konfliktar framover.

I forliket ber partane om at tilgangen til den såkalla opne gruppa - der alle kan drive heil eller deltids yrkesfiske - skal vurderast.

"Det startes et arbeid med å se på innretningen av åpen gruppe knyttet til hvem som skal ha prioritet innenfor gruppen. I arbeidet må blant annet balansen mellom rekruttering, deltid og heltid ses på. Det må være mulighet for å jobbe seg oppover, og allemannsretten skal ivaretas. I dette arbeidet må det blant annet vurderes fremtidens oppfølging av nasjonalitetskravet.", heiter det i forliket.

Publisert: 19.04.2024 15:30

Sist oppdatert: 19.04.2024 15:34

Mer om