Nr 2 fv Harald Tom Nesvik Odd Emil Ingebrigtsen Bjørnar Skjæran Gath 2022 foto Ogne
KVOTEMELDING NESTE ÅR: Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (t.v) på Gath-konferansen i Ålesund i september i år, saman med forgjengarane Odd Emil Ingebrigtsen (H) og Harald Tom Nesvik (Frp). Skjæran sin ambisjon er å få til noko som forgjengarane ikkje greidde, å samle eit breitt fleirtal bak korleis fiskekvotane skal fordelast. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fiskeriministeren er forseinka

Legg ikkje fram ny kvotemelding i år

28.11.2022

I sine to stortingsperiodar med regjeringsmakta greidde regjeringa til Erna Solberg ikkje å samle eit stortingsfleirtal bak ei større og samla omlegging av korleis fiskekvotane blir fordelt mellom ulike grupper av fiskarar.

Då Bjørnar Skjæran (Ap) blei fiskeri- og havbruksminister sa han at det skulle bli fart på sakene og at regjeringa skulle legge fram ei eiga stortingsmelding om kvotepolitikken.

- Vi har ein ambisjon om å kunne levere den til Stortinget i løpet av året. Eg kan ikkje garantere at eg klarer det, men det er framleis målet, sa fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran til NETT NO i februar i år.

Neste år
Det målet blir ikkje nådd. No er svaret på når kvotemeldinga kjem; "så tidlig som mulig i 2023". Det skriv statssekretær Vidar Ulriksen i Næring og fiskeridepartementet i ein epost formidla av kommunikasjonsavdelinga i departementet.

I sommar sende Nærings- og fiskeridepartement fire notat om den komande kvotemeldinga ut på høyring.

Les notata som er sendt ut og høyringssvara her

I eit innlegg i NETT NO forklarte Skjæran kvifor regjeringa valde å legge sende notat ut på høyring før regjeringa kjem med ei eiga Stortingsmelding:

"Vi ønsker en kvotemelding som har bred oppslutning i næringa og som kan skape forutsigbarhet for de som går på jobb med støvlan på. For å få til det, er det helt grunnleggende å sørge for at de som vil bli direkte berørt av en ny kvotemelding, får bidra og blir lyttet til. Det har man nå sjansen til." , skreiv Skjæran.

Rettferdig og verdiskapande
Førebels har regjeringa halde seg til å fortelje kva som er dei overordna mål for ein ny kvotemelding.

Det er tilfellet også i svaret frå Ulriksen, som skriv at meldinga skal: "bidra til en mer forutsigbar, rettferdig og verdiskapende fiskeripolitikk. Vi skal stoppe sentraliseringen som har pågått, fordi vi ikke ønsker at stadig mer rettigheter skal samles på færre hender. I tillegg skal vi legge godt til rette for lønnsomhet i alle flåtegrupper og styrke industriperspektivet. Etter høringsrunden i juli, har vi brukt tid på å gjennomgå de ulike tema og er nå i gang med ferdigstillelse av meldinga. Den endelige kvotemeldinga som legges fram, vil naturligvis inneholde disse tema, i tillegg til andre momenter som hvordan vi kan styrke samfunnskontrakten mellom hav og land."

Publisert: 28.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 28.11.2022 09:43

Mer om