Bur seg på ny kvotemelding
Stabilitet er stikkordet for kva fiskebåtreiarane ønskjer seg når Ap/Sp-regjeringa har starta arbeidet med ei ny kvotemelding.
Regjeringa Solberg brukte mesteparten av regjeringstida si til å utarbeide framlegg til korleis fiskekvotane skal fordelast, hausta mykje kritikk undervegs og fekk avgrensa gjennomslag.
Etter regjeringsskiftet var fiskeriministeren rask med å varsle at ei ny kvotemelding skulle kome.
I sommar sende Nærings- og fiskeridepartement fire notat om den komande kvotemeldinga ut på høyring.
Stabilitet
-Høringsnotatet som er fremja er veldig spørrande - veldig opne - lanserer mange ulike forslag utan å ta stilling til kva ein bør velje, seier jurist og
avdelingsleiar Sturla Roald i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt.
Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten. I dag arrangerte regionorganisasjonen Fiskebåt Vest medlemskonferanse i Ålesund, der mellom anna den komande kvotemeldinga er tema.
Det er to faktorar som er viktigast for Fiskebåt i arbeidet med den komande kvotemeldinga, ifølgje Roald:
*Korleis kvotar som er kjøpt og samla på færre fartøy for ei avgrensa periode skal fordelast når perioden er omme.
* Å i størst mogleg grad oppretthalde dagens fordeling av kvotane mellom ulike grupper blant fiskebåtreiarane.
Semje om fordeling
På 90-talet forhandlar fiskarane seg fram til ei semje om korleis fiskekvotane skal fordelast mellom ulike fartøygrupper og den semja har styresmakten i stor grad styrt etter.
Å rokke ved den stabiliteten vil bety omfordeling av store økonomiske verdiar, og skape ei uvisse som mellom anna vil redusere investeringsvilje i fiskeflåten, slik Fiskebåt ser det.
- Ville det beste vere å ikkje gjere noko som helst?
- Ja, Fiskebåt har i alle fall vore tilhengar av stabilitet og i det ligg det nettopp å halde seg til dei løysningane ein har i dag. Så minst mogleg grad av endringar er kanskje ikkje så dumt, seier Roald.
Publisert: 12.08.2022 14:35
Sist oppdatert: 12.08.2022 14:38