Nytt
Fiskesalslaget vil ha meir fisk på auksjon
Etter fem års nedgang for auksjonshandel med fisk kan Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag ha snudd trenden i år.
29.05.2018
I vinter har Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi) brukt mykje tid på å snakke med fiskarane om kva som er den beste måten fisken skal seljast på.
Resultatet er ein oppgang i andelen fisk seld på auksjon for dei viktige fiskeslaga torsk og sei. Spesielt for sei er det ein markert oppgang. Det er bra meiner adminstrerande direktør Sveinung Flem i Surofi.
- Vi ønskjer at mest mogleg av fisken skal vere tilgjengleg for flest mogleg kjøparar. Då er auksjonssystemet absolutt å fortrekke, seier Flem.
Saman med Norges Råfisklag i Tromsø er Surofi dominerande på handel med kvitfisk, som sei, torsk og hyse.
I løpet av dei fem siste åra har andelen fisk som er seld via auksjon gjennom Surofi blitt redusert frå 60 til 40 prosent, i følgje Flem.
Den tredje måten fisk blir omsett på er gjennom fiskebåtreiarlaga sine eigne salsselskap.
Salslaga kan innføre eit slikt regelverk i dag, men har hittil vald å overlate til aktørane å velje korleis handelen skal skje.
Spørsmålet er om det er gunstig at andelen fisk som blir seld på auksjon er redusert så mykje som den er dei siste åra. Flem trur ikkje det, håper oppgangen i år er eit varig brot med ein fallande trend.
- Samfunnsøkonomisk er det viktig å få testa ut kva marknaden til ei kvar tid vil betale for fisken, seier han.
Resultatet er ein oppgang i andelen fisk seld på auksjon for dei viktige fiskeslaga torsk og sei. Spesielt for sei er det ein markert oppgang. Det er bra meiner adminstrerande direktør Sveinung Flem i Surofi.
- Vi ønskjer at mest mogleg av fisken skal vere tilgjengleg for flest mogleg kjøparar. Då er auksjonssystemet absolutt å fortrekke, seier Flem.
Fem års nedtur
Fiskesalslaga har monopol på førstehandsomsetning av fisk, altså frå fiskarane til den første kjøparen og organsiserer også auksjonane der fiskarane byr ut fangsten for sal.Saman med Norges Råfisklag i Tromsø er Surofi dominerande på handel med kvitfisk, som sei, torsk og hyse.
I løpet av dei fem siste åra har andelen fisk som er seld via auksjon gjennom Surofi blitt redusert frå 60 til 40 prosent, i følgje Flem.
Meir på kontrakt
Det er direkte kontraktar mellom kjøparane, industri- eller eksportselskap, og fiskarane som har gått opp på bekostning av auksjonshandelen. Det betyr kontraktar dei kjøparane på førehand avtalar å ta over heile eller deler av fisken.Den tredje måten fisk blir omsett på er gjennom fiskebåtreiarlaga sine eigne salsselskap.
Treng debatt
Flem meiner det vil vere ein god idé om det blei opprett ei breitt samansett utval som såg på omsetningssystemet for kvitfisk på nytt, mellom anna for å vurdere om salslaga burde innføre reglar som prioriterte sal på auksjon.Salslaga kan innføre eit slikt regelverk i dag, men har hittil vald å overlate til aktørane å velje korleis handelen skal skje.
Spørsmålet er om det er gunstig at andelen fisk som blir seld på auksjon er redusert så mykje som den er dei siste åra. Flem trur ikkje det, håper oppgangen i år er eit varig brot med ein fallande trend.
- Samfunnsøkonomisk er det viktig å få testa ut kva marknaden til ei kvar tid vil betale for fisken, seier han.
Vi ønskjer at mest mogleg av fisken skal vere tilgjengleg for flest mogleg kjøparar. Då er auksjonssystemet absolutt å fortrekke
Publisert: 29.05.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22