Knut Flakk foto Marius Rosbach 11
FLEIRE SJANSAR: Knut Flakk fortel at dei vurderer å endre søknaden for ei gondolbane til Sulafjellet. Regjeringa sette nyleg foten ned for dei eksisterande planane. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Flakk vurderer ny søknad om gondol

Har ikkje gitt opp kampen om reiselivsattraksjonen. Tapa på Devoldfabrikken aukar.

Marius Rosbach
11.07.2025

For tre veker sidan kom avslaget frå regjeringa om å gi løyve til ei gondolbane til toppen av Sulafjellet. 

Primus motor for reiselivssatsinga, Knut Flakk, har likevel ikkje gitt opp å realisere det som kan bli regionens største reiselivsinvestering. 

– Vi håpar framleis at det kan bli noko av, men vi har ikkje konkludert om kva vi vil gjere, seier han til Nett No. 

Flakk Gruppen ønska å bygge ei bane frå Devoldfabrikken i Langevåg opp til Rundehornet. 

Eit stort fleirtal av lokalpolitikarane i Sula sa ja til planane – medan statsforvaltaren og fleire offentlege instansar protesterte.

Demonstrasjon sula gondol foto karoline 11
OMSTRIDD: Mange har heia på planane om gondol, men det har også vore kraftige protestar mot planane. Her frå Sula kommune si godkjenning av reguleringsplanen 25. juni 2024. Foto: Karoline Prytz Berset.

Truleg ikkje aktuelt å ta saka til retten
Avgjerda frå kommunal- og distriktsdepartementet har sett ein stoppar for planane som til no har vore på bordet. 

Men Flakk har fleire moglegheiter for å realisere ein gondol i Sula. Ein av dei er å ta avslaget frå departementet til retten. 

Det meiner Flakk er eit lite aktuelt alternativ. 

Sulagondol illustrasjon snøhetta 11
SPEKTAKULÆRT: Slik vart toppstasjonen til Sulagondolen presentert i dei første utgåvane av planane. Illustrasjon: Snøhetta

Vil vurdere å endre søknaden
Men utbyggjarane kan også endre på planane og sende inn ein ny søknad. 

Protestane frå statsforvaltaren gjekk ut på at gondolbana i for stor grad var i strid med viktige natur, landskaps- og friluftsinteresser. Ei endring i utforminga kan gjere at ein kjem forbi ei slik innvending. 

– Det er mogleg å endre søknaden, og det er noko vi vurderer, seier Flakk. 

Det er mogleg å endre søknaden, og det er noko vi vurderer
Knut Flakk
Sulagondol skjermfoto presentasjon
AKTIVITETAR: Ein trasé for skikøyring med kunstsnøproduksjon er teke ut av planane, men utbyggjarane vil framleis legge til rette for aktivitetar på fjellet.

Samla effekt på 150 til 180 årsverk 
Gondolbana slik den var planlagt kunne frakta opptil 1200 passasjerar i timen opp til fjellet.

I tillegg vart det lag opp eit betydeleg service- og aktivitetstilbod ved både topp- og mellomstasjonane. Ein zipline og løype for skikøyring med natursnø, høyrde med i planane. 

Undersøkingar frå Flakk Gruppen anslår at satsinga vil gi ein direkte effekt på i overkant av  120 årsverk, i tillegg til ein indirekte effekt på ein plass mellom 30 og 60 årsverk. 

Devoldfabrikken 2
DÅRLEG BESØK: Devoldfabrikken i Langevåg har markert seg som eit annleis kjøpesenter, men besøket har ikkje stått til forventingane. Foto: Marius Rosbach

Nye tap ved Devoldfabrikken
Å få fart på besøket ved Devoldfabrikken i Langevåg har vore eit heilt sentralt motiv for Flakk Gruppen til å bygge gondol. 

Denne veka kom dei siste rekneskapstala som viser at eigarane haldt fram med å tape pengar i fjor.

For O. A. Devolds Sønner AS, som står for drifta av senteret, blei fasiten eit underskot før skatt på nær 15 millionar kroner i 2024. Driftsinntektene stoppa på knappe 20 millionar. 

Selskapet Devoldkantina AS gjekk også på eit tap før skatt på kring 3,3 millionar, etter å ha hatt driftsinntekter på 8,6 millionar koner (sjå tabellar under).

Flakk: – For lite besøkande
Begge selskapa på Devoldfabrikken har hatt minusresultat dei ti siste åra. 

– Både O. A. Devolds Sønner og Devoldkantina går dårleg. Årsaka er at det er for lite besøkande på senteret, og derfor har vi jobba med å utvikle gondolen for å trekke fleire folk hit, seier Knut Flakk. 

Om det ikkje blir gondol, er Flakk klar på at det vil bli ei nedbygging av Devoldfabrikken -  slik han tidlegare har åtvara om.

Spørjeundersøkingar mellom dei som driv på senteret i dag, viser at kring halvparten vil legge ned om gondolbana ikkje blir realisert. Nokre svara at dei vil halde fram drifta i eit redusert omfang. 

O. A. Devolds Sønner AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt22,720
Driftsresultat-2,4-3,9
Resultat før skatt-11,5-14,7
Devoldkantina AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt8,611
Driftsresultat-3,2-1,9
Resultat før skatt-3,3-2,1

Publisert: 11.07.2025 09:20

Sist oppdatert: 11.07.2025 10:27

Mer om