Geir Huse avdelingsdirektor Havforskingsinstituttet foto Ogne
NYE TIDER: Havforskarane rår til nye kutt i torskekvoten neste år. Avdelingsdirektør Geir Huse ved Havforskningsinstituttet ventar at kvotane blir liggande på det nivået i fleire år. I dag møtte han fiskerinæringa på Midsundkonferansen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fleire dårlege torskeår i vente

Havforskarne ser ikkje teikn til eit raskt oppsving i torskekvotane.

26.06.2024

I 2013 var den samla torskekvoten ein million tonn. I førre veke la havforskarane fram rådet for 2025: 311.587 tonn, ned 31 prosent samanlikna med i år og det tredje året på rad med kraftig kutt i kvoten.

Torsken er ein art Noreg og Russland forvaltar i fellesskap, og dei to landa deler storparten av torsken seg i mellom, med unntak av ein mindre andel til fiskarar frå andre land.

Ser ikkje teikn til oppsving
Kvoten som er tilrådd for 2025 er det nivået vi må rekne med framover. Per i dag er ser ikkje havforskarane teikn til at ein ny sterkt årsklasse er på veg. Og når den kjem tek det tre-fire år fram til det gir grunnlag for auka kvoten igjen, seier avdelingsdirektør Geir Huse ved Havforskningsinstituttet til Nett No.

Både fangstdata frå trålarflåten og mengda av stor torsk som blir fanga underbyggjer forskarane sine eigne data, ifølgje Huse.

I fjor selge dei to størst fiskesalgslaga, Norges Råfisklag og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi) torsk for norske fiskarar for over ni milliardar kroner.

For den delen av fiskeflåten som fiskar såkalla kvitfisk - fiskeslag som torsk, sei, hyse, brosme og lange - er torsken det aller viktigaste fiskeslaget økonomisk.

Endra samanheng
På 80-talet var det ein positiv samanheng mellom varmare hav og oppsving for torskekvoten.

Den samanhengen har gradvis minka og i dag er det teikn til at det har blitt ein negativ samanheng, sa Huse i eit innlegg på Midsundkonferansen 2024 i dag.

Ei anna mogleg forklaring på kva som medverkar til nedgangen i torskebestanden er endringar i havstraumane - og det kan vere ein samanheng med temperaturendringar , ifølgje Huse.

Det er straumen frå Norskehavet og inn i Barentshavet om tidleg på sommaren som har blitt svakare. Det er denne straumen som tek med seg den vesle krepsearten raudåte inn Barentshavet, der den blir mat for torskelarvane.

Publisert: 26.06.2024 13:30

Sist oppdatert: 26.06.2024 13:31