
Dramatisk melding frå havforskarane
Det er fiskeindustrien som får svi mest for dei store kutta i torskekvoten som havforskarane tilrår neste år.
I fjor selge dei to størst fiskesalgslaga, Norges Råfisklag og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi) torsk for norske fiskarar for over ni milliardar kroner.
For den delen av fiskeflåten som fiskar såkalla kvitfisk - fiskeslag som torsk, sei, hyse, brosme og lange - er torsken det aller viktigaste fiskeslaget økonomisk.
Også frå 2022 til 2023 var det eit stort kutt i torskekvota, men auka pris på torsken kompenserte nesten fullt ut for at det var fiska mindre.
Det blir ikkje tilfelle i år, der kvotane blei kutta 20 prosent.
Lerøy Havfisk, som eig og driv 10 trålarar som mellom anna fiskar torsk, melde i 1. kvartalsrapporten at selskapet har fiska ein relativt større andel av torskekvoten sin så langt i år enn på same tid i fjor.
Omsetningsstatistikken frå Surofi tyder på at fleire har brukt same taktikk, fordi fangstmengda for torsk så langt berre er ned sju prosent. Det er mindre enn reduksjonen av kvota på årsbasis. Fiskarane har altså mindre torsk att å fiske resten av året, enn dei hadde på same tid i fjor. For å kompensere for kvotekutt må prisen på torsken stige meir i prosent enn kvotekuttet. Så langt er prisauken 12 prosent samanlikna med i fjor. Det er ikkje nok, og kan tyde på at torskeprisen stangar mot ei grense.
No vil altså forskarane ha eit nytt kutt neste år, på 31 prosent.
På førehand var det venta eit råd om å kutte kvota 20 prosent samanlikna med i fjor, men forskarane meiner torskebestanden no er så liten at avtalen som skal dempe endringane i kvotane frå år til år ikkje gjeld lenger. Det må større kutt til.
Framlegget fekk bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, til å be om at fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss kallar inn til krisemøte. Der skal fiskarar, forvaltning og forskarar diskutere både tiltak som dempar dei økonomiske skadeverknadane av nok eit kvotekutt, og tiltak for å få torskebestanden opp igjen.
Fiskarar på Nordvestlandet for forøvrig ein sjansen til å diskutere både kvoteråd og konsekvensane i komande veke når Midsundkonferansen går av stabelen tysdag 25. og onsdag 26. juni. Dit kjem mellom andre avdelingsdirektør Geir Huse frå Havforskningsinstituttet, som innleidde pressekonferansen då kvoteråda vart lagt fram denne veka.
For fiskarane er det truleg ein inntektsnedgang i milliardklassen i vente, med redusert torskekvote. Men dei har fleire gode år bak seg, og mange fiskebåtreiarar kan dessutan kutte kostnadar ved å legge båtane til kai i periodar. Ille, men truleg til å bere for ein periode.
For industrien er utfordringa større, og først og fremst for bedrifter som produserer fileterte produkt. Dei fabrikkane ligg stor sett i Nord-Noreg der fiskeripolitikk har relativt mykje større betydning enn i Sør-Noreg. Den industrien har ikkje vore prega av høg lønsemd, og er ikkje den mest konkurransedyktige når prisen på fisken stig.
Lerøy-konsernet eig også fiskeindustriselskapet Lerøy Norway Seafood, forkorta LNWS, med i alt 10 til ti fabrikkar og mottaksanlegg i Nord-Noreg. Kvartalrapporten for 1. kvartal 2024 forklarar korleis mindre torsk til fabrikkane slår ut:
"LNWS’ primære forretningsområde er prosessering av villfanget hvitfisk. Selskapet disponerer i alt 10 foredlingsanlegg og kjøpestasjoner i Norge, hvorav fem anlegg er leid fra Lerøy Havfisk. Det er gjort betydelige investeringer senere år i både effektivisering av drift, samt å øke produktspekteret, et arbeid som gradvis gir resultater. Samtidig er torsk den klart viktigste arten for LNWS, og en reduksjon i kvotene med sterkt økende priser på råstoffet påvirker både volum prosessert og bruttomargin. Inntjeningen i LNWS ble derfor lavere i første kvartal i år enn tilsvarende kvartal i fjor."
No står Lerøy Norway Seafood og rensten av industrien føre ein situasjon der torsken i alle fall blir minst like dyr som idag. Samstundes blir det mykje mindre fisk tilgjengeleg. Det betyr reduserte inntekter til å dekke dei faste kostnadane, og også at det blir tyngre å oppretthalde ein jamn produksjon.
Og færre folk i arbeid.
Publisert: 23.06.2024 05:00
Sist oppdatert: 15.08.2024 06:01