Ove Henning Hansen Egersund Heroy foto marius
REKORDÅR: Fleire bedrifter på Mjølstadneset i Herøy opplever gode tider. Salssjef Ove Henning Hansen i Egersund Herøy kunne fortelje at dei hadde eit rekordår i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fleire fortalde om rekordår

Egersund Herøy er mellom bedriftene på Mjølstadneset som opplever vekst.

Marius Rosbach
08.05.2025

Onsdag var det klart for den årlege samlinga for bedriftene på Mjølstadneset, eller Fosnavåg Næringspark, som det blir kalla. 

Der kom det fram at området har opplevd ny vekst i talet på arbeidsplassar i løpet av det siste året. Årets oppteljing viser at det no er 749 arbeidsplassar – ei auke på 38 frå i fjor. 

Egersund Herøy var mellom dei som kunne fortelje at dei hadde lagt bak seg eit rekordår i fjor. 

 – For første gong vart vi større enn hovudkontoret og passerte 225 millionar kroner i omsetning, kunne Ove Henning Hansen som er salssjef for kvitfisk og reke fortelje. 

Det inneberer ein vekst på meir enn 20 prosent frå året før. Auken kjem på toppen av fleire år der aktiviteten har skote i veret

Veks på sal til offshore
Veksten gjer at Egersund Herøy er mellom bedriftene i området som har auka arbeidsstokken i løpet av det siste året. No er dei oppe i 37 tilsette – og eit par nye er snart på veg inn. 

Kjerneverksemda er å lagar trålar, sekkar, nøter og utstyr til fiskeriet, i tillegg til at dei lagrar og reparere nøter.

Dei siste åra er det likevel salet til offshore som har vore den kraftigaste drivaren for selskapet. 

– Reiskapar til offshoreindustrien har hatt ein veldig vekst. Samtidig er prisauke ein del av bilde, saman med auka ordreinngang både til kvitfisk og pelagisk, seier Hansen til Nett No. 

Siktar mot rekordomsetning
MMC First Process er ei anna bedrift som kunne melde at pilane peika oppover igjen. Bedrifta har lagt bak seg fleire år der ordretørke som følgje av lakseskatten har gitt utslag i lågare omsetning.

Håvard Remøy som er operasjonsdirektør i selskapet kunne fortelje forsamling at dei sikta mot ny rekordomsetning i år, og at dei har bikka éin milliard i ordreinngang det siste året. 

Som kjent skal bedrifta både få utvida lokalar og ny kai i løpet av det neste året, og Remøy fortalde at dei ventar betydeleg vekst på service og ettermarknad. 

Fosnavag naeringspark samling Per Saevik foto Marius
CRUISEOPTIMISME: Havila-eigar Per Sævik meiner dei komande cruiseanløpa til Mjølstadneset kan gi verdiskaping i lokalmiljøet. Foto: Marius Rosbach

Optimisme om cruise og nye kaier
Den årlege samlinga skjer i regi av Rita Sævik. Ho kunne fortelje at Ervik & Sævik-reiarlaget hadde sikra eit nytt offshoreoppdrag for Equinor til Christina E.

– Det er eit kort, men god oppdrag og vi er glade for å få båten inn i offshore igjen, sa ho.

Eit 30-tals bedrifter presenterte seg for dei kring 50 frammøte ved Horisont Næringspark. Optimisme kring komande cruiseanløp og fleire nye kaier ved industriområdet, var tema fleire kom tilbake til.

Per Sævik stilte samtidig spørsmål ved om Herøy-samfunnet var klare til å gripe moglegheitene cruisetrafikken kunne innebere. 

Han minna også om at det var viktig å jobbe vidare for at Hurtigruten i framtida også skulle legge til ved Mjølstadneset. 

Publisert: 08.05.2025 09:38

Sist oppdatert: 08.05.2025 09:44

Mer om