
Har dobla omsetninga på fire år
Egersund Herøy har jobba med å skaffe seg fleire bein å stå på. Det har betalt seg.
Egersund Herøy har lagt bak seg eit nytt år med rekordhøg omsetning – og veksten held fram i år, fortel dagleg leiar Vidar Knotten.
Fasiten i fjor vart ei omsetning på meir enn 185 millionar – som betyr at inntektene er dobla sidan 2019.
Lønnsemda i drifta held seg også på eit solid nivå. Resultat før skatt vart på over 13 millionar kroner (sjå tabell under).
– Vi har hatt ein langsiktig strategi om å ha mange bein å stå på. No er det offshoremarknaden som har auka mest, seier Knotten til Nett No.
Egersund Herøy As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 185,3 | 140,6 |
Driftsresultat | 18,7 | 17,5 |
Resultat før skatt | 13,6 | 17,2 |
– Har vist seg å vere rett
Kjerneverksemda til selskapet er å lagar trålar, sekkar, nøter og utstyr til fiskeriet, i tillegg til at dei lagrar og reparere nøter.
Etter kvart er verksemda blitt utvida. Frå 2014 starta dei å levere til offshore.
– Vi tilsette ein seljar då som har bygd seg opp sakte, men sikkert. Det har vist seg å vere rett, seier Knotten om utviklinga.
Offshore inkluderer alt frå verft, riggar og ankerhandteringskip, til transportselskap og brønnbåtar. For tida jobbar dei óg med å tilsette ein ny person for spoling av vaier til offshoremarknaden.
Toppår for amerikansk partnar
Flåten av pelagiske båtar utgjer størstedelen av kundane på fiskerisida. Det gjeld både nytt utstyr, men ikkje minst vedlikehald.
– For augneblinken held vi på med ei ny snurpenot til Eros. Det blir også nokre millionar, seier Knotten.
Hovudmarknaden for Egersund Herøy er kysten frå Måløy og nordover.
Fjoråret var dessutan eit toppår for deira amerikanske samarbeidspartnarar American Seafoods i Seattle. Knotten fortel at dei selde for kring 20 millionar til amerikanarane i fjor.

Har fleire agentur
Knotten fortel at nye material og lengre haldbarheit er mellom utviklingstrekka i bransjen.
– Slikt er det berekraft i, seier han.
Herøy-bedrifta har også agentur på sal av styrbare tråldørar, som er ei nyvinning for fiskeriet. Dei kjem i fleire utgåver og kan programmerast, eler styrast frå brua.
– Dei gjer det lettare å taue enn med ordinære dørar, også kan ein unngå å ta nedi botnen, fortel Knotten.
Sokalla botntråldørar og spesialvaier er andre produkt bedrifta har agentur på i Norge.
Har vekse til 35 tilsette
Egersund Herøy blei starta i 1999 og har heile tida vore leia av Vidar Knotten. Bedrifta er heileigd av Egersund Group, og dei dreg veksel på andre delar av konsernet for å ta unna toppar i aktiviteten.
I dag har dei vekse til 35 tilsette og er ikkje på utkikk etter fleire for augneblinken.
– Vi har også nokre lokale ungdomar som hjelper oss. Vi forsøker å ikkje tilsette for mange, slik at vi slepp å permittere om aktiviteten svingar. Éin ting veit vi om fiskeri; at det går i bølgjer, seier Knotten.
Bygde på i fjor
Bedrifta på Mjølstadneset bygde i fjor på nytt notlager, ny produksjonshall og ny riggverkstad. I tillegg blei kontorfløya utvida.
– Vi tok i bruk kontora på seinsommaren og heile utvidinga var ferdig i november. Den satsinga kunne vi ikkje gjort utan eigarar som er villige til å investere her, legg han til.
Knotten fortel at dei gjerne skulle hatt enno meir plass, men dei har ingen konkrete byggeplanar.
Kaiplass har vore i ei utfordring, men det er i ferd med å betre seg, mellom anna med utbygging av ei ny kai i regi av Teigenes-reiarlaget. Samtidig er det planar om fleire kommunale kaier.
Publisert: 06.06.2024 05:00
Sist oppdatert: 05.06.2024 23:38