Reiselivet og serveringsbedrifter er mellom bransjane som blei tidlegast råka av koronakrisa.
Allereie før helga og permitterte dei tilsette. No er den første permitteringsbølgja i ferd med å gjere seg gjeldande ved hotella.
Den eksplosive auken med permitteringar held fram onsdag, viser (lenke til pdf-fil)
De to første dagane denne veka, kom det inn heile 3378 nye søknadar om dagpengar frå folk som er permitterte i Møre og Romsdal. I Vestland fylke er talet no bikka over 10.000 denne veka.
– Vi har dessverre permittert alle tilsette og har frå onsdag stengt hotellet for besøkande og gjester, opplyser hotelldirektør Benthe Langeland i ein sms til NETT NO.
Ho fortel at det ikkje er grunnlag for å halde ope det vesle boutiquehotellet på Glomset.
– Vi har mange individuelle reisande og små kurs- og konferansegrupper. Desse kundegruppene har ikkje no anledning til å besøke oss, legg ho til.
Også Thon Hotel Fosnavåg stenger etter utsjekk onsdag grunna lavt belegg, melder hotellet på sin Facebook-side.
Hoteldirektør Camilla Espeseth fortel til NETT NO at det er hektiske dagar og mange uvande avgjersler å ta.
– Vi har framleis ope, men tek ting time for time, og dag for dag. Cirka halve gjengen er permittert og restauranten er stengt, fortel ho.
Restauranten Apotekergata No. 5 som heldt til i same bygget, har i staden satsa på sal av matkasser som har slått godt an.
Også Quality Hotel Waterfront i Ålesund held ope, men har permittert fleire tilsette. Hotelldirektør Kristin Bjånes fortel at «mange er råka».
– Besøket har gått drastisk ned. I denne situasjonen er det mange som ikkje har moglegheit til å reise nokon stad, fortel ho til NETT NO.
I løpet av den siste veka var det måndag registrert 179 nye heilt ledige i statistikken til NAV Vestland – ei auke på 280 prosent. Bere Aurland kommune har ei større prosentvis auke i fylket denne perioden.
Hotelldirektør Richard Grov ved Hotel Alexandra at situasjonen endra seg «enormt fort», og at avbestillingane har «rausa inn i stort tempo».
I Kinn kommune var det tysdag meldt om 178 nye ledige siste veka og i Stad kommune er det registrert 83 nye ledige.
NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal bad folk om å i størst mogleg grad nytte dei digitale tenestene deira, for å hjelpe dei med å handtere situasjonen.
Veland minna også om at alle bør legge inn CV-en sin på nettstaden Arbeidsplassen.no. Slik kan styresmaktene få best mogleg oversikt over ledige hender, om det blir behov i andre delar av arbeidslivet.
– Tilsette innafor både eksport og transport kan bli sjuke, og då trengst det meir folk i desse yrka. Vi må framleis ha varer til daglegvarebutikkane og andre tenester for å sikre at ikkje næringskjeda stoppar opp. For Møre og Romsdal sin del, vil det også handle om å få fisken frå oppdrettsanlegga og vidare ut til marknaden, sa han .
Både Scandic Ålesund og Quality Hotel Ålesund har meldt på sine Facebook-sider i løpet av dei siste dagane, at dei framleis har ope. at Hotel Ivar Aasen i Ørsta held ope, men at Havila Hotel Raftevold er stengt.
Allereie før helga og permitterte dei tilsette. No er den første permitteringsbølgja i ferd med å gjere seg gjeldande ved hotella.
Den eksplosive auken med permitteringar held fram onsdag, viser (lenke til pdf-fil)
De to første dagane denne veka, kom det inn heile 3378 nye søknadar om dagpengar frå folk som er permitterte i Møre og Romsdal. I Vestland fylke er talet no bikka over 10.000 denne veka.
Stenger dørene
Av hotella i Ålesund-området har Storfjord Hotel bestemt seg for å stenge.– Vi har dessverre permittert alle tilsette og har frå onsdag stengt hotellet for besøkande og gjester, opplyser hotelldirektør Benthe Langeland i ein sms til NETT NO.
Ho fortel at det ikkje er grunnlag for å halde ope det vesle boutiquehotellet på Glomset.
– Vi har mange individuelle reisande og små kurs- og konferansegrupper. Desse kundegruppene har ikkje no anledning til å besøke oss, legg ho til.
Også Thon Hotel Fosnavåg stenger etter utsjekk onsdag grunna lavt belegg, melder hotellet på sin Facebook-side.
Mange permitterte
I tillegg til å innføre nye rutinar for reinhald og hygiene, har det vore travel møteverksemd med dei tilsette ved fleire hotell denne veka.Hoteldirektør Camilla Espeseth fortel til NETT NO at det er hektiske dagar og mange uvande avgjersler å ta.
– Vi har framleis ope, men tek ting time for time, og dag for dag. Cirka halve gjengen er permittert og restauranten er stengt, fortel ho.
Restauranten Apotekergata No. 5 som heldt til i same bygget, har i staden satsa på sal av matkasser som har slått godt an.
Også Quality Hotel Waterfront i Ålesund held ope, men har permittert fleire tilsette. Hotelldirektør Kristin Bjånes fortel at «mange er råka».
– Besøket har gått drastisk ned. I denne situasjonen er det mange som ikkje har moglegheit til å reise nokon stad, fortel ho til NETT NO.
Stryn hardt ramma
Allereie i helga , noko som førte til at Stryn er den kommunen som til no er hardast ramma på Nordvestlandet. Kring 250 tilsette blei permitterte ved desse hotella, og ved Loen Skylift.I løpet av den siste veka var det måndag registrert 179 nye heilt ledige i statistikken til NAV Vestland – ei auke på 280 prosent. Bere Aurland kommune har ei større prosentvis auke i fylket denne perioden.
Hotelldirektør Richard Grov ved Hotel Alexandra at situasjonen endra seg «enormt fort», og at avbestillingane har «rausa inn i stort tempo».
I Kinn kommune var det tysdag meldt om 178 nye ledige siste veka og i Stad kommune er det registrert 83 nye ledige.
Richard Grov:
Union Hotel Geiranger:
Dobla arbeidsløyse – NAV ber om hjelp
Tysdag kom tal frå NAV i Møre og Romsdal som viste at arbeidsløysa har dobla seg i fylket den siste veka. Hovudårsaka er auke i permitterte. Måndag kom det inn 933 søknadar om dagpengar frå personar som er permitterte - og utviklinga held fram tysdag.NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal bad folk om å i størst mogleg grad nytte dei digitale tenestene deira, for å hjelpe dei med å handtere situasjonen.
Les også:
Veland minna også om at alle bør legge inn CV-en sin på nettstaden Arbeidsplassen.no. Slik kan styresmaktene få best mogleg oversikt over ledige hender, om det blir behov i andre delar av arbeidslivet.
– Tilsette innafor både eksport og transport kan bli sjuke, og då trengst det meir folk i desse yrka. Vi må framleis ha varer til daglegvarebutikkane og andre tenester for å sikre at ikkje næringskjeda stoppar opp. For Møre og Romsdal sin del, vil det også handle om å få fisken frå oppdrettsanlegga og vidare ut til marknaden, sa han .
Held framleis ope
NETT NO har ikkje fått svar frå fleire av hotelldirektørane om korleis situasjonen er ved deira bedrift, men fleire har nytta sosiale media for å melde frå til sine kundar.Både Scandic Ålesund og Quality Hotel Ålesund har meldt på sine Facebook-sider i løpet av dei siste dagane, at dei framleis har ope. at Hotel Ivar Aasen i Ørsta held ope, men at Havila Hotel Raftevold er stengt.
Les også:
Publisert: 18.03.2020 10:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54