Fleire skip med forlenga kontraktar
Havila Shipping og Golden Energy er sikra meir jobb.
Måndag melder Havila Shipping at dei har fått meir jobb til PSV-ane Havila Borg og Havila Fanø.
Førstnemnte har fått 150 nye dagar på kontrakt for Peterson Den Helder med oppstart i april. Sistnemnte har forlenga oppdraget for Totalenergies EP Denmark ut juni i år, ifølgje ei børsmelding.
Kort tid etter meldinga såg det ikkje ut til å påverke aksjekursen på Oslo børs positivt. Kursen var ved 13-tida ned kring 2,4 prosent til 3,60 kroner.
Herøy-reiarlaget la fram tal for 4. kvartal i førre veke, og fortalde om gode framtidsutsikter i marknaden.
Det gjorde mellom anna at reiarlaget reverserte tidlegare nedskrivingar og skreiv opp verdien av skipa med 400 millionar kroner i fjerde kvartal.
Førre veke melde også Golden Energy Offshore om forlenga kontrakt for Energy Empress med seks månadar. PSV er difor sikra jobb til i slutten av oktober, ifølgje ei børsmelding frå selskapet.
Investorane på børsen har sendt aksjekursen opp den siste veka. Det gjorde dei også måndag. Ved 13-tida var kursen opp nær 0,8 prosent på 1,54 kroner.
Ålesund-reiarlaget la fram tal for 4. kvartal i førre veke. Også her var det optimisme kring framtida, og selskapet fortalde at aksjonærane truleg har utbytte i vente.
Publisert: 04.03.2024 13:16
Sist oppdatert: 04.03.2024 14:07