Herøy-selskapet har utvikla ei fiskepumpe som gjer at levande fisk kan transporterast utan å måtte passere fysiske hinder. Det skal redusere skader og dermed store økonomiske tap for oppdrettarane.
Ideen bak er mellom anna ei forventing om at etterspørselen vil auke etterkvart som oppdrettsnæringa lar fisken vekse seg større i landbaserte oppdrett - kanskje opp til minst ein kilo - før den blir sett ut i sjøen. Det krev også pumpesystem som kan handtere større fisk.
Pumpeteknologien kan også brukast til andre formål, men i første omgang er det oppdrettsnæringa Flowtru siktar mot.
Flowtru jobbar no med å bygge ein prototyp, og målet er å kunne vise fram eit ferdig produkt på oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim i august i år.
Pengane frå ein eventuell emisjon i Flowtru skal brukast til vidareutvikling og testing i pilotfasen fram mot lansering i marknaden.
Målet er å få inn 10 millionar kroner i emisjonen, sa Jung Leine under presentasjonen av selskapet under Børs og Bacalao-arrangementet onsdag 13. mars.
- Vi er på jakt etter synergiar og nye måtar å tenkje handtering av settefisk i landbasert oppdrett, og vi ønskjer oss investorar som kan bidra med både nytenking, kompetanse og pengar inn i selskapet, seier han til NETT NO.
Han er ingeniør i maskinteknikk og har 15 års erfaring med materialar og mekanisk teknologi i maritim industri. I tillegg til sitt eige firma JungMinds har han arbeidd for Det Norske Veritas, Rolls-Royce Marine, Runde Miljøsenter og Ulstein.
Saman med Roar Stenersen og Gisle Vinjevoll Thrane etablerte han selskapet i 2018. Stenersen og Vinjevoll Thrane sit som høvesvis styreleiar og styremedlem i Flowtru.
Roar Stenersen er administrerande direktør i Tussa Installasjon og har tidlegare arbeidd i Havyard/MMC. Vinjevoll Thrane er salsdirektør i Havyard Design & Solutions.
I februar i år gjekk også Oshaug Metall AS i Molde og danske C-performance inn som aksjonærar.- Dei er viktige teknologipartnarar og utfyller den kompetansen som dei tre etablararar sit på. Oshaug Metall leverer avanserte støypetenester og komponentar til pumpane, og C-performance utførar hydrodynamiske analyser og optimalisering av geometri, seier Jung Leine.
Ideen bak er mellom anna ei forventing om at etterspørselen vil auke etterkvart som oppdrettsnæringa lar fisken vekse seg større i landbaserte oppdrett - kanskje opp til minst ein kilo - før den blir sett ut i sjøen. Det krev også pumpesystem som kan handtere større fisk.
Pumpeteknologien kan også brukast til andre formål, men i første omgang er det oppdrettsnæringa Flowtru siktar mot.
Finalist
Med ideen sin nådde Flowtru finalen i årets Næringsteft-konkurranse, der brøytestikkeselskapet Roadtech vart kåra til vinnar under investorkonferansen Børs og Bacalao i går, onsdag 13.mars.Flowtru jobbar no med å bygge ein prototyp, og målet er å kunne vise fram eit ferdig produkt på oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim i august i år.
Pengane frå ein eventuell emisjon i Flowtru skal brukast til vidareutvikling og testing i pilotfasen fram mot lansering i marknaden.
Målet er å få inn 10 millionar kroner i emisjonen, sa Jung Leine under presentasjonen av selskapet under Børs og Bacalao-arrangementet onsdag 13. mars.
- Vi er på jakt etter synergiar og nye måtar å tenkje handtering av settefisk i landbasert oppdrett, og vi ønskjer oss investorar som kan bidra med både nytenking, kompetanse og pengar inn i selskapet, seier han til NETT NO.
Tre eigarar
Det er Martin Jung Leine som står bak ideen til Flowtru-teknologien.Han er ingeniør i maskinteknikk og har 15 års erfaring med materialar og mekanisk teknologi i maritim industri. I tillegg til sitt eige firma JungMinds har han arbeidd for Det Norske Veritas, Rolls-Royce Marine, Runde Miljøsenter og Ulstein.
Saman med Roar Stenersen og Gisle Vinjevoll Thrane etablerte han selskapet i 2018. Stenersen og Vinjevoll Thrane sit som høvesvis styreleiar og styremedlem i Flowtru.
Roar Stenersen er administrerande direktør i Tussa Installasjon og har tidlegare arbeidd i Havyard/MMC. Vinjevoll Thrane er salsdirektør i Havyard Design & Solutions.
I februar i år gjekk også Oshaug Metall AS i Molde og danske C-performance inn som aksjonærar.- Dei er viktige teknologipartnarar og utfyller den kompetansen som dei tre etablararar sit på. Oshaug Metall leverer avanserte støypetenester og komponentar til pumpane, og C-performance utførar hydrodynamiske analyser og optimalisering av geometri, seier Jung Leine.
Vi ønskjer oss investorar som kan bidra med både nytenking, kompetanse og pengar
Publisert: 15.03.2019 10:55
Sist oppdatert: 03.06.2021 09:18