Optimar illustrasjon foto marius 11 2022 11 07 133904 pqjw 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
RUSSLAND-SMELL: Den russiske marknaden var viktig for Optimar, men gjekk tapt med krigen i Ukraina. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Flyttar produksjon frå Stette

Optimar samlar produksjonen på Valderøya.

10.01.2023

- Produksjonen på Stette skal flyttast til Valderøya og samlokaliserast med produksjonen der, seier Kai Slettebakk i Optimar til Bygdebladet.

30 kontortilsette skal framleis har Stette som arbeidsplass, men dei tilsette i produksjonen flyttar.

Flyttinga betyr også at Optimar sit med ein leigeavtale om lokala på Stette, som selskapet ikkje brukar.

Tre selskap gjekk saman
Verksemda på Stette var tidlegare eit eige selskap, som i 2014 slo seg saman med Optimar til OptimarStette. Seinare kom også Seaside på Stranda med, og dei tre selskapa utgjer i dag Optimar-konsernet.

Heller ikkje på Stranda-avdelinga er der produksjon i dag.

Tidlegare Stette-sjef, Peder Stette, seier til Bygdebladet at eigarane no ser etter andre leigetakarar til lokala på Stette.

Russland-smell
I starten av november 2022 varsla Optimar-konsernet at 40 tilsette i Noreg skulle seiast opp.

Optimar hadde store oppdrag for russiske kunder. Med Russlands krig mot Ukraina og vestlege sanksjonar, forsvann den russiske marknaden. Det er hovudårsaka til oppseiingane, ifølgje Optimar.

Publisert: 10.01.2023 12:16

Sist oppdatert: 10.01.2023 13:57

Mer om