Optimar montasje Lene Flem Debess foto Ogne Marius 11
HAR FÅTT OPPSEIINGANE: Optimar blir 40 færre tilsette etter prosessen bedrifta har vore gjennom med nedbemanning i haust. HR-sjef Lene Flem Debess (t.h.) fortel at nokre allereie har funne nye jobbar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hjelper dei tilsette til nye jobbar

No har dei Optimar-tilsette fått oppseiingane i handa. Samtidig er dei etterspurde av andre arbeidsgivarar.

Marius Rosbach
08.12.2022

Det er ein månad sidan det vart kjent at Optimar var inne i ein prosess med å seie opp opptil 40 tilsette. I løpet av førre veke blei prosessen sluttført ved at dei tilsette som blir råka, fekk oppseiingane sine.

– Totalt er det 40 personar som kjem til å forlate selskapet i samband med denne prosessen. Det omfattar både dei som er oppsagde, og nokre som har nytta anledninga til å stille sine plassar til disposisjon, fortel kommunikasjonsansvarleg og HR-sjef Lene Flem Debess til NETT NO.

Mange førespurnader om dei tilsette
Allereie etter kort tid opplevde bedrifta interesse kring dei tilsette frå andre bedrifter i ulike bransjar. Det kan tyde på at ein del av dei som står utan jobbar, vil vere i stand til å sikre nytt arbeid.

– Vi har fått mange gode førespurnader frå andre bedrifter. Denne veka har vi óg starta opp karriereprogram, fortel ho.

Hensikta er å hjelpe dei tilsette til å få nye jobbar.

– Det er krevjande å bli oppsagt. Nokre har kanskje aldri søkt på nye jobbar, og kan ha behov for hjelp både med å finne ut kva ein ønsker, og eller til praktiske ting som å skrive søknader og førebu intervju, seier Debess.

Alle avdelingar råka
Optimar har avdelingar på Valderøya, Stette og Stranda - og førstnemnde avdeling er den største. Alle avdelingane har vorte råka av oppseiingar.

Tillitsvalt Roy Uggedal i Fellesforbundet representere folk frå eit forretningsområde med 60-70 tilsette.

– Vi har hyra eit firma som heiter Tredjepart As, som jobbar med å hjelpe firma som er i oppseiingar, slik at folk finn seg nytt arbeid. Det er veldig bra, seier han.

Uggedal fortel at samarbeidet og drøftingane med leiinga har gått greitt. Han har oppfatta at nokre har fått seg nye jobbar, men har ikkje noko oversikt over kor mange det gjeld.

– Det er naturlig i slike prosessar at enkelte ikkje føler at det er ein trygg arbeidsplass lengre, og forsøker finne seg noko anna, seier han.

Svikt i Russland-marknad – og deretter oppdrett
Bakgrunnen for at oppseiingane har todelt årsak. Det starta med svikt i den russiske marknaden, der Optimar har hatt store leveransar.

Alleie då næringsminister Jan Christian Vestre besøkte Optimar på Valderøya i mai, fekk han vite at krigen i Ukraina har gitt dramatiske konsekvensar.

Selskapet merka også svikt i nye oppdrag til oppdrettsbransjen – som dei siste åra har vore eit vekstområde. Forslaget frå regjeringa om grunnrenteskatt på næringa, blir peika på som årsak til at denne verksemda meir eller mindre har stoppa opp.

Grunnlaget for at vi har gått til nedbemanningar, ligg der framleis
Lene Flem Debess

Fleire selskap i bransjen har meldt at det knapt er inngått nye kontraktar etter forslaget om lakseskatt kom på bordet.

Debess i Optimar stadfestar det er ikkje har skjedde noko utvikling i marknadene, sidan oppseingane blei kjent.

– Grunnlaget for at vi har gått til nedbemanningar, ligg der framleis,seier ho.

Krympa selskap
I 2019 hadde Optimar-konsernet 478 på lønningslista, i 2020 445 tilsette og i fjor 420. Etter underskot i 2018 og 2019 vart det pluss-tal i 2020, men nytt minusår i fjor.

I 2019 var driftsinntektene til Optimar - det største selskapet i konsernet - over milliarden, i fjor var det 883 millionar, ein nedgang på 4,2 prosent frå 2020.

Konsernet er ein av dei store produsentane av produksjon- og handteringsanlegg til fiskebåtar, oppdrettsnæringa og fiskeindustri. Optimar-konsernet har vore eigd av det tyske Haniel-konsernet sidan desember 2017, og etter overtakinga venta Optimar sterk vekst.

Podium

E18/S3 Permitteringer og tapte kontrakter - kva skjer no?

Publisert: 08.12.2022 11:43

Sist oppdatert: 08.12.2022 15:05

Mer om