Nytt
Fora Form med 10-årsavtale i Ørsta
Møbelprodusenten Fora Form har inngått ein ti-års leigeavtale for industribygget i Ørsta.
10.11.2013
Leigeavtalen betyr at Fora Form ikkje flyttar frå Ørsta, trass i at selskapet har fått svenske eigarar.
- Så lenge vi har ein sterk økonomi er det ingen grunn til å endre produksjonstad, seier administrerande direktør Trygve Aasland i Fora Form.
Fora Form har rundt 70 tilsette. Rundt halvparten arbeid i produksjon - og monteringshallen i Ørsta. Resten arbeider med administrasjon og marknadsføring, ved hovudkontoret i Ørsta og ved salskontor i Bergen og Oslo. Gjennom åra har Fora Form (tidlegare Møremøbler) hausta ros og prisar for godt design, og er Noregs mestvinnande møbeldesignbedrift gjennom tidene. Dei siste åra har selskapet og fått sving på lønsemda (sjå tabell).
Tidlegare i haust selde eigarane av Fora Form - investeringssselskapet Credo Invest (51 prosent), Rune Stokke (storaksjonær i Stokke-konsernet), Kjell Storeide, Aasland og ei gruppe tilsette - verksemda til det børsnoterte svenske møbelselskapet Lammhults Design Group.
- Lammhulsts har tradisjon for å kjøpe opp etablerte og anerkjente designselskap, og la dei i stor grad styre seg som sjølvstendige selskap, seier Aasland.
Poenget for Lammhulst ved å gjere det på denne måten er ikkje å hente ut gevinst ved å samordne produksjon og kutte kostnadar, men å utvide sal- og marknadsføringsapparatet sitt. Gjennom Fora Form vinn Lammhults innpass på den norske marknaden for sine andre møbelmerke. Og gjennom Lammhults får Fora Form innpass i den svenske, dansk og europeiske markanden, med Tyskland i spissen.
- Det er det beste som kunne skje oss, seier Aasland.
Samstundes som Lammhults tok over Fora Form, kjøpte dei tidlegare eigarane av Fora Form ut Ørsta kommune sin aksjepost på 51 prosent i Mosflata Industribygg, som eig bygget Fora Form held til i. Samstundes skreiv dei også under ein ti-årig leigeavtale med Fora Form.
Prisen kommunen fekk for aksjane er ikkje offentleggjort, men Hovde seier det vart forhandla om å kjøp med utgangspunkt i ein opsjonsavtale som gav dei andre eigarane rett til å kjøpe ut kommunen til pålydande, rundt seks millionar kroner.
- Dette har vore ei god historie, vi slit meir med det andre bygget, seier Hovde.
Det andre bygget Hovde siktar til et det såkalla Grepa-bygget, som ligg vegg i vegg med Fora Form. Etter at komfyrprodusenten Grepa la ned i Ørsta i 2008 har bygget mangla ein større leigetakar, og blitt eit pengesluk for kommunen, som eig over halvparten av bygingen. Den andre eigaren er Sparebank1 Søre Sunnmøre.
- Vi kjem til å investere ytterlegare i personell neste år, seier han.
Det er på sal og marknadsføringsida dei nye jobbane kjem. Fora Form har gradvis flytta produksjonen ut til underleverandørar, mange i utlandet. I dag er det tilskjæring, sying og trekking som står att av tradisjonell produksjon, resten er montering av deler.
Lenge har Fora Form vore meir kjend for prisbelønna design, enn for sterke økonomiske resultat, men gradvis er resultatet betra.
Lønsemda i 2012 er den beste Fora Form har hatt, og pr i dag ligg Fora Form an til at 2013 blir enda betre. Driftsmarginen (driftsresultat i prosent av driftsinntektene) var 9,5 i fjor. I år blir det over 10 prosent, og god vekst i driftsinntektene og, i følgje Aasland.
Evne til å halde konstnadane nede kombinerte med ein tydlegare strategi, er deler av forklaring på at lønsemda stig.
Dessuten er markanden god. Fora Form sine oppdrag i dag skriv seg frå avgjerder som vart gjort for to-tre år sidan, men Aasland ser ingen teikn til at marknaden er i ferd med å krympe.
- Så lenge vi har ein sterk økonomi er det ingen grunn til å endre produksjonstad, seier administrerande direktør Trygve Aasland i Fora Form.
Fora Form har rundt 70 tilsette. Rundt halvparten arbeid i produksjon - og monteringshallen i Ørsta. Resten arbeider med administrasjon og marknadsføring, ved hovudkontoret i Ørsta og ved salskontor i Bergen og Oslo. Gjennom åra har Fora Form (tidlegare Møremøbler) hausta ros og prisar for godt design, og er Noregs mestvinnande møbeldesignbedrift gjennom tidene. Dei siste åra har selskapet og fått sving på lønsemda (sjå tabell).
Tidlegare i haust selde eigarane av Fora Form - investeringssselskapet Credo Invest (51 prosent), Rune Stokke (storaksjonær i Stokke-konsernet), Kjell Storeide, Aasland og ei gruppe tilsette - verksemda til det børsnoterte svenske møbelselskapet Lammhults Design Group.
Blir sitjande
Aasland skal halde fra som Fora Form-sjef, og seier det ikkje blir store endringar i Fora Form på grunn av eigarskiftet.- Lammhulsts har tradisjon for å kjøpe opp etablerte og anerkjente designselskap, og la dei i stor grad styre seg som sjølvstendige selskap, seier Aasland.
Poenget for Lammhulst ved å gjere det på denne måten er ikkje å hente ut gevinst ved å samordne produksjon og kutte kostnadar, men å utvide sal- og marknadsføringsapparatet sitt. Gjennom Fora Form vinn Lammhults innpass på den norske marknaden for sine andre møbelmerke. Og gjennom Lammhults får Fora Form innpass i den svenske, dansk og europeiske markanden, med Tyskland i spissen.
- Det er det beste som kunne skje oss, seier Aasland.
Kommunen sel ut
I Ørsta kommune er ordførar Rune Hovde (H) fornøgd. Arbeidsplassane blir i kommunen, og kommunen er ute av eigarskapet i Fora Form-bygget.Samstundes som Lammhults tok over Fora Form, kjøpte dei tidlegare eigarane av Fora Form ut Ørsta kommune sin aksjepost på 51 prosent i Mosflata Industribygg, som eig bygget Fora Form held til i. Samstundes skreiv dei også under ein ti-årig leigeavtale med Fora Form.
Prisen kommunen fekk for aksjane er ikkje offentleggjort, men Hovde seier det vart forhandla om å kjøp med utgangspunkt i ein opsjonsavtale som gav dei andre eigarane rett til å kjøpe ut kommunen til pålydande, rundt seks millionar kroner.
- Dette har vore ei god historie, vi slit meir med det andre bygget, seier Hovde.
Det andre bygget Hovde siktar til et det såkalla Grepa-bygget, som ligg vegg i vegg med Fora Form. Etter at komfyrprodusenten Grepa la ned i Ørsta i 2008 har bygget mangla ein større leigetakar, og blitt eit pengesluk for kommunen, som eig over halvparten av bygingen. Den andre eigaren er Sparebank1 Søre Sunnmøre.
Aukar staben
Større sal og auka lønsemd betyr fleire jobbar. Hittil i år har staben auka med tre-fire, og Aasland er på jakt etter fleire.- Vi kjem til å investere ytterlegare i personell neste år, seier han.
Det er på sal og marknadsføringsida dei nye jobbane kjem. Fora Form har gradvis flytta produksjonen ut til underleverandørar, mange i utlandet. I dag er det tilskjæring, sying og trekking som står att av tradisjonell produksjon, resten er montering av deler.
Best på design
Fora Form har spesialisert seg på møblar til kontraktsmarknaden. Kundane er bedrifter og offentlege institusjonar Det betyr at du finn møblane i møterom, resepsjonar, kantiner, kinosalar og konferanserom.Lenge har Fora Form vore meir kjend for prisbelønna design, enn for sterke økonomiske resultat, men gradvis er resultatet betra.
Lønsemda i 2012 er den beste Fora Form har hatt, og pr i dag ligg Fora Form an til at 2013 blir enda betre. Driftsmarginen (driftsresultat i prosent av driftsinntektene) var 9,5 i fjor. I år blir det over 10 prosent, og god vekst i driftsinntektene og, i følgje Aasland.
Evne til å halde konstnadane nede kombinerte med ein tydlegare strategi, er deler av forklaring på at lønsemda stig.
Dessuten er markanden god. Fora Form sine oppdrag i dag skriv seg frå avgjerder som vart gjort for to-tre år sidan, men Aasland ser ingen teikn til at marknaden er i ferd med å krympe.
Vi kjem til å investere ytterlegare i personell neste år.
Publisert: 10.11.2013 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30