Strandrydding foto Nordic Wildfish 11
STRANDRYDDING: Dei tilsette i reiarlaget Nordic Wildfish er mellom anna engasjert i strandrydding. Foto: Nordic Wildfish
Nytt

– Forbilde for andre som driv innan fiskeribransjen

Miljøpris til Valderøya-reiarlag.

Marius Rosbach
30.11.2022

Nordic Wildfish får Miljøprisen 2022 frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er klart etter eit vedtak i onsdagens møte i kultur-, næring- og folkehelseutvalet.

- Nordic Wildfish er eit forbilde for andre som driv innan fiskeribransjen i Møre og Romsdal. Dei er med på å bevisstgjere næringa om kva påverknad dei har på havet og det marine miljøet, og på å skape haldningsendringar blant tilsette og alle som jobbar med havnæringar, uttaler leiar Henrik Stensønes (Sp) i kultur-, næring- og folkehelseutvalet i ei pressemelding.

Tilsette deltek i ryddeaksjonar
Nordic Wildfish er eit reiarlag frå Valderøya i Giske.

Dei tilsette deltek i ryddeaksjonar for å bli bevisste på konsekvensane av marin forsøpling. I tillegg deltek reiarlaget i «Fishing for litter» som hentar i land mista fiskeutstyr.

Reiarlaget hadde ei omsetning på 488 millionar og eit resultat før skatt på 10,9 millionar i fjor.

Fekk inn ti forslag
I år kom det inn forslag til 10 kandidatar til prisen som på ulikt vis har vist eit sterkt engasjement for klima og miljø, ifølgje meldinga.

Prisen blir delt ut under fylkestingsamlinga i desember og består av eit kunstverk av ein lokal kunstnar og 15 000 kroner.

Møre og Romsdal fylkeskommune har kvart år sidan 2009 delt ut ein miljøpris til nokon som har gjort eit særleg fortenestefullt arbeid innafor områda berekraftig utvikling, klima, biomangfald, forureining eller alternativ og fornybar energi. Miljøprisen skal vere ein stimulans til miljøarbeidet i fylket.

Publisert: 30.11.2022 18:23

Sist oppdatert: 30.11.2022 18:28

Mer om