Stornes Nordic Wildfish
VALDERØYA: Stornes på veg til feltet på sin første tur for Nordic Wildfish. Foto: Nordic Wildfish
Nytt

- Fantastisk båt og fantastisk mannskap

Stornes - tidlegare Olympic Prawn - startar fisket for Valderøy-selskapet Nordic Wildfish.

28.01.2022

- Båten er no i gang med seifiske på Haltenbanken. Deretter går turen vidare nordover for å leite etter torsk i Barentshavet.

Det seier adm. dir. Anders Bjørnerem i Nordic Wildfish.

Stornes er tidlegare Olympic Prawn tilhøyarande Herøy-reiarlaget Nordøytrål, som er ein del av Stig Remøy-kontrollerte Olympic Seafood.

Store kvoter
Den 70 meter lange reke- og fabrikktrålaren vart overlevert frå Cemre-verftet i Tyrkia i januar 2021, men vart før jul vidareseld til Nordic Wildfish.

Truleg kosta sjølve båten rundt 400 millionar kroner, men kjøpssummen vart langt høgare ettersom det følgde med kvoter på 2096 tonn torsk i nord, 2190 tonn sei i nord og sør, og 721 tonn hyse, i tillegg til kvoter på grønlandsreker og reker i Barentshavet på nærmare tusen tonn.

- Ja, det er ei storsatsing frå vår side.

Mannskap
STORNES: Heile mannskapet på tidlegare Olympic Prawn vart med over til Nordic Wildfish då båten skifta eigar. Foto: Nordic Wildfish

Alle 36 vart med vidare
Bjørnerem er strålande fornøgd med båten, og med mannskapet.

- Heile mannskapet på 36 vert med over til oss. Det er utruleg kjekt.

- Vi har siste dagane lært dei å kjenne. Fantastisk flinke folk, seier Bjørnerem.

På kvatr skift er det 18 mann om bord. Med unntak av tre færingar, er resten nordmenn, dei fleste frå Sørøyane.

- For oss vert det så mykje lettare når vi kan overta båt med mannskap, seier Bjørnerem.

Vi har siste dagane lært dei å kjenne. Fantastisk flinke folk
Anders Bjørnerem

110 fiskarar
Frå før eig Nordic Wilfish trålarane Roaldnes, Molnes og Synes, men etter overtakinga av nyinnkjøpte Stornes er Roaldnes på veg ut.

Om bord i Molnes er det 42 tilsette fordelt på to skift, medan Synnes har 32 tilsette fordelt på to skift.

Dermed har Valderøy-selskapet totalt 110 fiskarar, pluss administrasjonen på land, og er dermed av dei store fiskeriselskapa på Nordvestlandet

- Planen er å vekse, seier Bjørnerem.

Publisert: 28.01.2022 14:13

Sist oppdatert: 31.01.2022 08:36

Mer om