(NPK-NTB): Ein samla internasjonal skipsfartsnæring foreslår å pålegge seg sjølv ei drivstoffavgift som skal finansiere låg- og nullutsleppsløysingar.
Alle skip skal betale to dollar per tonn drivstoff dei kjøper, blir det foreslått. Over ein tiårsperiode vil dette bidra til 50 milliardar kroner til forsking og utvikling, ifølgje Rederiforbundet.
– Det er første gong ei samla internasjonal næring foreslår å pålegge seg sjølv ei avgift på drivstoff. Fondet vil bidra med viktig kapital til utvikling av nye låg- og nullutsleppsløysingar for skip i internasjonal fart, seier Lasse Kristoffersen, president i Norges Rederiforbund, i ei .
Det blir foreslått at fondet blir oppretta i regi av FNs organ for regulering av internasjonal skipsfart, IMO.
I 2018 vedtok IMO at skipsfarten innan 2050 skal kutte utsleppa sine med 50 prosent målt frå 2008-nivå. Internasjonal skipsfart står for om lag 2,5 prosent av dei globale menneskeskapte CO2-utsleppa.
Forslaget skal no behandlast av medlemslanda i IMO.
– Skipsfarten både i Noreg og internasjonalt er klare til å bidra. No er det opp til politikarane å gripe moglegheita og vedta forslaget, seier administrerande direktør Harald Solberg i Rederiforbundet.
(©NPK)

Les også:
Publisert: 18.12.2019 08:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48