Hummar innfelt alf ring kleven Foto Christine Fagerbakke Havforskingsinstituttet 11
Det har vore auka fangstar av hummar hittil i oktober, men det er for tidleg å slå fast om bestanden er i ferd med å ta seg opp igjen, ifølgje forskar Alf Ring Kleiven (innfelt) ved Havforskingsinstituttet. Foto: Christine Fagerbakke/Havforskingsinstituttet.
Nytt

Foreslår tiltak for å dempe hummarfiske

Framleis historisk låg bestand viser analyser frå starten av årets fangst.

25.10.2023

(NPK – Bent Tandstad): Havforskingsinstituttet (HI) har analysert dei ti første dagane av hummarfisket. Fleire stader har det vore over snittet gode fangstar.

Det ser ut til at fangstraten er høgast i Indre Skagerak. I tillegg har havforskarane fått meldingar om fangstar over normalen langs svenskekysten, men det har ikkje HI tal på.

Auke kan kome av fleire ting
Forskarane har fått inn resultata av 6700 teinetrekk, melde inn av 107 hummarfiskarar på strekninga frå svenskegrensa til Romsdal.

– Auken i fangsten kan komme av fleire ting. Det kan vere ein effekt av reguleringane av hummarfisket som har byrja å verke. Vi må også ta med oss at fiskeriet i dag er meir effektivt enn tidlegare. Mange har betre teiner enn før. I tillegg får dei som rapporterer til oss, stadig meir erfaring, seier HI-forskar Al Ring Kleiven.

Høgare sjøtemperatur
Ei tredje mogleg årsak kan vere temperaturen i sjøen. Det er lettare å fange hummaren om sjøtemperaturen er over snittet. Då hummarfisket starta 1. oktober vart vatnet utanfor forskingsstasjonen Flødevigen i Arendal to grader over normalen.

– Det kan altså vere mange grunnar til at fangstane går opp for ein gitt perioden, og auka fangstar betyr ikkje nødvendigvis at bestanden aukar. Men om fangstane og storleiken på humrane aukar over lengre tid, gjerne nokre år, så kan vi seie sikrare at bestanden er i vekst, seier forskaren.

Små skilnader mellom regionane
Havforskarane samlar inn tal frå Skagerrak og Vestlandet nordover til og med Romsdal.

– Når vi samanliknar desse regionane, finn vi fasinerande små forskjellar i fangstraten. Det er større skilnader lokalt enn mellom regionane. Vi ser at fangstane gjerne er betre i område der det bur færre menneske og det er mindre fiskepress, enn i område med mange menneske og stort fiske, seier Kleiven.

– Historisk lågt nivå
I ein kronikk i Dagens Næringsliv 28. september i år skreiv Alf Ring Kleiven at den norske bestanden er på eit historisk lågt nivå. Skal vi byggje opp att bestanden, kan vi ikkje pepre kysten med teiner. Fisket må bli betydeleg mindre, konkluderte han.

Her var han klar på at det omfattande fisket er hovudårsaka til at den norske hummarbestanden er så låg. Han viste også til at det dei siste 15 åra er sett i verk fleire tiltak, som har som mål å byggje opp igjen bestanden.

– Det har verka – litt. Nedgangen i bestanden ser ut til å ha blitt bremsa, men vi ser ikkje den veksten som har vore formålet med tiltaka, skriv han. Han meiner at problemet med tiltaka er at dei berre regulerer innsatsen, ikkje talet på deltakarar og ikkje kor det kan fiskast.

Foreslår full stans
Kleiven meiner at det beste ville ha vore å stanse hummarfisket i nokre år. Då kunne bestanden fått bygd seg opp på eit høgare nivå.

Han foreslår innføring av fleire tiltak:

  • Talet på teiner per fritidsfiskar bør halverast.
  • Det bør vurderast om det berre er yrkesfiskarar som kan dokumentere eit historisk næringsfiske på hummar som får fiske med 100 teiner. I dag kan alle merkeregistrerte fiskefartøy gjere dette.
  • Innføre maksmål på Vestlandet, slik det alt er innført i Skagerrak.
  • Styresmaktene bør også på sikt endre forvaltinga: I staden for å regulere innsatsen bør vi regulere uttaket av hummar.

(©NPK)

Publisert: 25.10.2023 09:40

Sist oppdatert: 25.10.2023 09:45

Mer om