Forlik i Fay-striden
Skipsverft og skipsdesignselskap har inngått forlik i striden etter at fiskebåt forliste.
Fiskebåten Fay forliste i Barentshavet 28. desember 2019 og fiskebåtreiarlaget Kenfish II meiner verftet Stadyard og skipsdesignselskapet Seacon må bere ansvaret for forliset og skulle betale erstatning.
No er det sett punktum for saka etter at rettsmekling like før rettsaka skulle opp enda med at partane vart samde om eit forlik, ifølgje Stadyard-sjef og medeigar Agnar Lyng.
Heile 18 rettsdagar var sett av til rettsaka. Kenfish II var saksøkar og Stadyard, Seacon og styreleiar Agnar Lyng i Stadyard og styremedlemane Knut Helge Sørpoll, Malvin Silden og Trond Kongshaug i Stadyard var saksøkt.
50 millionar
Det i opphavlege kravet fra Kenfish II var på 50 millionar kroner, fortel Lyng i Stadyard.
Innhaldet i forliket som no er inngått har partane blitt samde om å ikkje offentleggjere, i følgje Lyng. Forliket omfatta Kenfish II og alle dei saksøkte, seier han til NETT NO.
Rettsaka som no er avlyst var den andre tvistesaka etter Fay-forliset. Den første vart avgjort som ei voldgiftsak mellom Kenfish II og Stqdyard tidlegare i år, og handla om prisen reiarlaget skulle betale for fartøyet.
Ville ha avklaring
Agnar Lyng seier verftet har gått glipp av minst ei kontrakt på grunn av uvissa om utfallet tvisten med Kenfish.
Heile striden etter Fay-forliset har kosta Stadyard omlag 30 millionar kroner, seier Lyng,
Sjølv om Stadyard skulle vinne fram i tingretten for sitt syn, reknar Lyng med at motparten då ville anke og det ville gå ytterlegare eitt år før striden blei avklart.
Ulempa som den uavklarte striden var ein årsak til at verftet valde å inngå eit forlik og avlyse rettsak, ifølgje Lyng.
Publisert: 01.11.2022 15:56
Sist oppdatert: 01.11.2022 17:25