Helge ingstad foto kystverket 1
KOLLISJON: Helge Ingstad og tankskipet Sola TS kolliderte i skjærgården i Øygarden natt til 8. november i 2018. Foto: Kystverket
Nytt

Forlik om Helge Ingstad-fregatten

Staten får 235 millionar kroner.

07.02.2022

(NPK-NTB): Eigaren av tankskipet Sola TS betaler Forsvarsdepartementet 235 millionar kroner etter kollisjonen med fregatten Helge Ingstad i 2018.

Saka skulle eigentleg gå for retten i slutten av februar, men partane vart førre veke samde om eit forlik.

– Etter at det vart gjennomført rettsmekling, er partane no samde om å forlike saka. Forsvarsdepartementet er tilfreds med at saka no er avslutta med eit godt resultat for staten, skriv Forsvarsdepartementet i ei pressemelding måndag formiddag.

Departementet ønskjer ikkje å kommentere saka utover dette.

Millionsum
NTB har fått innsyn i forliksavtalen. Den viser at Twitt Navigation Limited, som eig tankskipet, forpliktar seg til å betale 235 millionar kroner innan 30 dagar.

Til gjengjeld forpliktar staten ved Forsvarsdepartementet seg til å trekkje søksmålet mot eigaren. Staten går elles med på å trekkje alle framtidige og noverande krav overfor tankskipseigaren.

Det var natt til fredag 8. november i 2018 at fregatten KNM Helge Ingstad kolliderte med oljetankaren Sola TS ved Stureterminalen i Øygarden i Hordaland. Fregatten vart totalskadd i kollisjonen, og berre fem dagar seinare saksøkte staten reiarlaget Twitt Navigation Limited, som eig Sola TS.

Seinare gjekk Twitt Navigation til motsøksmål mot staten. Etter fleire utsetjingar skulle saka ha starta i Hordaland tingrett 28. februar.

Stadfestar forlik
Advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig skulle representere Twitt Navigation i rettssaka. Til NRK stadfestar dei at det no i staden vart forlik.

– Utover det har vi ingen kommentar, seier advokat Øyvind Grøneng.

Staten saksøkte i 2019 òg DNV, som godkjende fregatten, fordi dei meinte at selskapet burde oppdaga ei svakheit med propellakslingane på skipet, der vatn fossa inn etter kollisjonen. Dette søksmålet vart trekt i mai i fjor.

Etter forliset vart det vedteke at Helge Ingstad skulle hoggast opp og bli skrapmetall.

Kollisjonen har kosta staten masse pengar. Ein ny, tilsvarande fregatt vil koste mellom 11 og 13 milliardar kroner. Planlegginga og hevinga av vraket tok cirka tre og ein halv månad, og sluttsummen enda på i overkant av 765 millionar kroner, ifølgje konsulentselskapet PwC.

Publisert: 07.02.2022 12:17

Sist oppdatert: 07.02.2022 12:21

Mer om