Triton
KONTRAKT: Olympic Triton skal i arbeid for Reach Subsea i offshore vind. Foto: Ulstein
Nytt

Fornybarkontrakt for Olympic

Olympic Triton tildelt omfattande kontrakt med Reach Subsea.

08.02.2023

Olympic Subsea har fått tildelt ein kontrakt som førebels er på seks månader med Reach Subsea for fleirbruksskipet Olympic Triton. Men kontrakten kan verte forlenga med fleire år.

Dette skriv Reach Subsea på si heimeside etter at selskapet har sikra seg ein kontrakt med eit stort fornybarselskap om å levere offshore vindrelaterte tenester.

Allsidig fartøy
Reach Subsea viser til at fleirbruksskipet Olympic Triton er eit moderne og allsidig fartøy med ei 150-tonns kran. Innkvarteringskapasiteten er på 100 personar.

Oppstart på kontrakten er i 1. kvartal.

Olympic Triton vart overlevert frå Ulstein Verft i 2007. Skipet er 95,00 meter langt og 20,50 meter breidt.

Ifølgje Marine Traffic er skipet no i Nordsjøen på veg til Groningen i Nederland.

Publisert: 08.02.2023 10:27

Sist oppdatert: 08.02.2023 10:32

Mer om