May kristin myklebust ulstein verft foto marius 11
MANGE INVOLVERTE: I løpet av kort tid vil ei rekke folk i Ulstein-konsernet og leverandørar vere i full gong med å førebu bygginga av to skip til Olympic-reiarlaget. Produksjonssjef May Britt Myklebust på Ulstein Verft vil ha ei sentral rolle. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Klar for ny logistikkmaraton

Produksjonssjefen på verftet er ein av fleire hundre personar som losar milliardoppdrag trygt i hamn.

Marius Rosbach
15.07.2022

Sjølv om det framleis er over eitt år til første skroget kjem til kai ved Ulstein Verft, er det lite tid til å ligge på latsida. Arbeidet med å bygge minst to nye skip for Olympic-reiarlaget, er allereie starta.

May Kristin Myklebust er produksjonssjef ved verftet og har ei sentral rolle i å halde trådane for å sikre at skipa blir leverte som avtalt.

Olympic vindskip illustrasjon ulstein design solutions 11
ULSTEIN-DESIGN: Utsjånaden er basert på Ulstein SX222-designet med Twin X-Stern som er ei vidareutvikling av X-Bow-designet til Ulstein-konsernet. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions

I tillegg til det fysiske stålarbeidet som etter kvart blir synleg, er det snakk om ei krevjande logistikkøving, sett saman av tusenvis av aktivitetar med store krav til oversikt.

– Det er eit teamarbeid der mange er involverte, og vi må spele kvarandre gode for å sikre suksess, ikkje berre for Ulstein, men også for Olympic og alle våre underleverandørar. Vi gler oss veldig til å kome skikkeleg i gang. Dette er veldig kjekt, fortel ho.

Vi gler oss veldig til å kome skikkeleg i gang. Dette er veldig kjekt
May Kristin Myklebust

– Har gjort ein kjempejobb
Sjølv om dei no er nede i kring 100 eigne tilsette i produksjonsavdelingane ved verftet og systerselskapet Ulstein Elektro Installasjon, stadfestar Myklebust at dei har folk med den kunnskapen og erfaring som skal til for å lose prosjektet trygt i hamn.

Produksjonssjefen viser til korleis verftet snudde seg frå nybygg til ombygging- og reparasjonsoppdrag, som har halde dei tilsette i arbeid den siste tida. Ein slik snuoperasjon krev omstillingsevne, løysingsvilje og evne til samarbeid, påpeiker ho.

– Nokon trudde ikkje Ulstein ville klare den omstillinga, men det har vi meistra godt, påpeiker ho.

– Ein av suksessfaktorane er disiplinleiarane, arbeidsleiarane og operatørane, som har gjort ein kjempejobb. Folka er Ulstein sin viktigaste ressurs, legg ho til.

No skal verftet gjere seg klare til, ikkje berre eit, men to nybygg. Tidlegare har dei levert ein rekke skip til vindkraftindustrien, og oppdraget for Olympic passa difor som hand i hanske.

– Også er det ekstra spennande å få dei første Twin X-Stern-skipa inn i marknaden, fortel Myklebust.

(saka held fram under)

Ulstein kantina tilsette jubel foto marius 22
JUBEL: Det var ikkje vanskeleg for Sunnmørsposten-fotografen å lokke fram jubelen hos dei tilsette for oppdraget med å bygge to konstrukssjonskip for Olympic-reiarlaget i Herøy denne veka. Foto: Marius Rosbach

Remøy tilbake som Ulstein-kunde
Reiar Stig Remøy er ikkje i tvil om at Ulstein er klare til oppgåva. Argumenta hans for å velje verftet kan oppsummerast i to ord: Sikkerheit og kvalitet.

– Dette er det Ulstein Verft er kjende for, uttalde han då nyheita blei kjent.

Med ein industri høgare prisar, vanskelegare tilgang på råvarer og logistikkkjeder med store utfordringar, er det ikkje rart at herøyværingen tenkjer slik.

Legg til at det kjem stadig nye meldingar om forseinkingar ved verftskonkurrentar i Tyrkia og Danmark, blir valet enno enklare å forstå.

Remøy har dessutan god erfaring med å bygge skip på Ulstein. Mellom anna var han første kunde av dåverande Ulstein Design, då han tinga systerskipa Olympic Hercules og Olympic Pegasus for meir enn 20 år sidan.

Går gjennom alle innkjøp
Produksjonssjef Myklebust på verftet fortel at noko av det første som skjer at det blir sett ned ei prosjektgruppe. Den består av hovudprosjektleiar og assistentar (kalla APM, journ. anm. ) som leier dei ulike fagområda.

– APM-ane har ei rolle som går frå A til Å i dei forskjellige fagfelta, seier ho. - Dei har ansvar for maskin og røyr, stålutrusting, elektro, innreiing, overflatebehandling og ventilasjon.

Dei skal sjekke og følge opp alle innkjøp som skal gjerast. Saman med teknisk avdeling følger dei også opp at alle teikningar er ferdig i god tid før produksjon startar.

– Første designleveransen skjer når vi får materiallista. Det er ei liste over alt material som skrogverftet i Polen skal bestille for å kunne produsere skroget, fortel produksjonssjefen.

Deretter blir det brennestart hos Crist-verftet, der Ulstein har fått bygd ein rekke skrog tidlegare. Nokre veker før vil dei første seksjonsteikningane vere leverte frå Ulstein Design & Solutions.

(saka held fram under)

Olympic vindskip ulstein illustrasjon ulstein design solutions 11
HYBRID - OG KLAR FOR NULLUTSLEPP: Skipa vil ha ei lengde på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter. Om bord skal det vere plass til 126 personar fordelt på 91 lugarar. Fartøya skal ha hybrid batteriframdrift og er førebudde for metanol som mogleggjer nullutslepp.

Fleire Ulstein-selskap involvert
Fleire delar av Ulstein-konsernet er involverte i prosessen. Designarar frå Ulstein Design & Solutions har allereie laga skisser, og utover hausten jobbar desse tett saman med Ulstein Verft sine ingeniørar for å detaljplanlegge.

Ulstein Power & Control tek også del i oppdraget, og skal levere kraft- og automasjonssystemet, saman med ein større batteripakke.

Produksjonssjefen påpeiker at prosjektet krev godt samarbeid mellom både Ulstein Design & Solutions, Ulstein Power & Control, Ulstein Elektro Installasjon og Ulstein Verft.

– I tillegg til alle Ulstein-selskapa må vi samarbeide og legge gode planar saman med alle leverandørane, for å sikre framdrift og ferdigstilling. Og ikkje minst, vil vi halde fram med det gode samarbeidet med Olympic for å finne dei løysingane på dei utfordringane vi vil møte undervegs, seier ho.

Brennestart for skroget
Seint på året vil det første skroget ha brennestart i Polen. Då vil også Ulstein ha eit inspektørlag på plass for å følgje opp arbeidet.

Samtidig vil tilsette i Ulsteinvik vere i sving for å gjere klar til sluttutrustninga av skipet, som tek til mot slutten av neste år.

Produksjonssjefen trekker igjen fram APM-ane og arbeidsleiarane som sentrale for å lukkast med å målet: Å levere kvalitet til avtalt tid.

– Vi har mange flinke folk som veit kva som skal til for å gjere jobben rett første gongen. Denne kunnskapen skal vi utnytte maksimalt framover, seier Myklebust.

Effektivitet og minst mogleg feil
John Hatløy er ein av arbeidsleiarane, som skal legge til rette for arbeidarane og leie prosessen i produksjonen.

– Vi skal vere effektive i arbeidet og gjere minst mogleg feil. Vi må sørgje for at alt skjer i rett rekkefølgje og til rett tid, fortel Hatløy.

– Så skal vi sjekke at arbeidet og kvaliteten er slik den skal vere i høve kontraktene, legg arbeidsleiaren til.

(saka held fram under)

Vegard Moltu Nilsen John Hatløy Ulstein Verft foto Marius 11
GLADE: Arbeidsleiarar og FLT-tillitsvalt John Hatløy (t.h.) saman med tillitsvalt i Fellesforbundet Vegard Moltu Nilsen. Begge gler seg over at verftet skal bygge fleire vindskip. Tidlegare har dei mellom anna leverte Windea-skipet i glassmonteren mellom dei. Foto: Marius Rosbach

Oppdrag til lokale leverandørar
Oppdraget med å bygge dei to konstruksjonsskipa til havvindmarknaden, vil også gi betydeleg arbeid elles i den maritime klynga på Nordvestlandet.

Ålesund-selskapet Acel var første leverandør som torsdag kunne fortelje at dei hadde sikra seg eit oppdrag om bord som dei omtala som ei «milepåle». Dei vil ikkje vere dei siste.

Valet om å kontrahere hos verftet i nabokommunen, er også eit klassisk døme på korleis lokale reiarlag samarbeidar i lokalmiljøet om å utvikle stadig meir avanserte skip.

(saka held fram under)

Olympic ulstein vindskip signering kontrakt foto ulstein group 11
SIGNERING: Olympic-reiar Stig Remøy (t.v.) saman med verftsdirektør Lars Lühr Olsen i front for representantar frå dei to partane under signeringa. Foto: Ulstein Group

Har oppdrettsmilliardær på laget
For å løfte investeringa har Stig Remøy alliert seg med oppdrettsmilliardær Ottar Vartdal. Satsinga skjer gjennom selskapet Olympic Wind Holding, der herøyreiarlaget vil vere majoritetseigar.

Truleg er prislappen per skip på minst 500 millionar kvar, som gjer at det er snakk om ei milliardinvestering. Etter det NETT NO kjenner til, vil Eksfin (Eksportfinansering Norge) få ei rolle i finansieringa.

Enova har også løyvd støtte til prosjektet på opptil 34 millionar kroner.

Stig Remøy sjølv trur det kan bli rift om dei avanserte skipa når dei kjem på marknaden. I tilfelle vil det gi gode sjansar for at opsjonane på endå to nye skip ved Ulstein blir innfridd.

– Det er difor vi har opsjonar, så får vi vente å sjå, er kommentaren til reiaren per no.

Publisert: 15.07.2022 11:00

Sist oppdatert: 16.07.2022 20:27

Mer om