Olympic zeus
OPPDRAG: Olympic Zeus skal på arbeid utanfor Elfenbeinskysten. Foto: Ulstein
Nytt

Meir arbeid for Olympic

Hankar inn lengre kontraktar for to av sine skip.

12.01.2023

Fosnavåg-reiarlaget Olympic Subsea har fått lengre kontraktar for skipa Olympic Electra og Olympic Zeus. Det melder fleire skipsmeklarar på sine heimesider.

Det elleve år gamle Myklebust-bygde fleirbruksskipet Olympic Electra har fått kontrakt på 100 dagar for «Boulder Removal». Det er ikkje enno opplyst kven kunden er.

Kunden installerer normalt då sitt utstyr om bord og jobben går i hovedsak ut på å flytte stein og lage til botnen for til dømes installasjon av utstyr eller trasear for kabel og rørgater.

Les meir her (ekstern lenke)

Elfenbeinskysten
Den Ulstein-bygde ankerhandlaren Olympic Zeus skal på langtur. Båten skal til Elfenbeinskysten der den skal jobbe for Saipem. Jobben er å assistere med installasjon av ein FPSO som heiter «Firenze FPSO» som skal installerast på Baleine-feltet på 1200 meters vassdjupne.

Med ei slepekraft på rundt 285 tonn, store vinsjar og ei aktiv hiv-kompensert kran som kan jobbe ned til 3000 meter djupne, er Olympic Zeus ein føretrekt kandidat for slike oppdrag, vert det meldt.

Det er ikkje opplyst rater.

Publisert: 12.01.2023 08:44

Sist oppdatert: 12.01.2023 08:38

Mer om