Maritime Partner Fv Henrik Myklebust Stian Østrem Nils Peter Giske mars 26 informote om standardfartoy NMK foto Ogne
SER MOT FORSVARSMARKNADEN: Maritime Partner-sjef Stian Østrem (i forgrunnen) deltok på informasjonsmøtet om bygginga av inntil 28 nye fartøy til forsvaret i Ålesund denne veka, saman med Henrik Myklebust (bak til venstre) og Nils Peter Giske som begge arbeider med sal. Også finansdirektør Lene Sætrevik Vinje var med. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Forsvaret sonderer kven som kan bygge 30 nye båtar

Norsk-britisk samarbeid kan føre til kjempekontrakt i marknaden som Maritime Partner konkurrerer i.

25.03.2026

Noreg og Storbritannia vurderer å kjøpe inntil 30 nye fartøy til såkalla kystnære operasjonar. No er dei to landa i gang med å undersøkje marknaden for å kartlegge aktuelle leverandørar, tekniske løysingar, prisnivå og moglege leveringstider. 

Fartøya skal vere inntil 24 meter lange, og er meint for den norske Kystjegerkommandoen og Royal Marines, opplyser Forsvarsmateriell i ei pressemelding.

Det betyr båtar i ein storleik som Maritime Partner i Breivika i Ålesund har bygd mange av.

– Det er noko vi ønsker å sjå ganske nøye på, seier Nils Peter Giske i Maritime Partner som svar på om selskapet er interessert i å konkurrere om eit slikt oppdrag. 

Han fortel at då dei første signala kom var det snakk om fire båtar. No er det blitt inntil 30.

Stor kontrakt til Danmark
Maritime Partner sin hittil største offentlegjorde kontrakt kom i februar 2025. Kunden var det danske forsvaret. Kontrakten var på omlag ein halv milliard kroner og omfatta sju 21,75 meter lange båtar til den danske redningstenesta.

Då Østrem sin forgjengar, Torstein Heggstad,  presenterte utsikten for selskapet i fjor vår var det nettopp forsvarsmarknaden han peika på som vektstområde. 

Det norske forsvaret har 47 båtar i Maritime Partner-storleik, som kan bli skifta ut. I tillegg følgjer det typisk med to båtar av typen som Maritime Partner byggjer, til kvart at dei inntil 28 standardskipa Forsvaret planlegg å byggje, fortalde Heggstad.

Lyst til å stille
Forsvaret, Forsvarsdepartentet og Forsvarsmateriell inviterte tysdag til informasjonsmøte i Ålesund om bygging av inntil 28 standardiserte fartøy. Der var både Giske frå Maritime Partnet, hans kollega på salssida, Henrik Myklebust, finansdirektør Lene Sætrevik Vinje og dagleg leiar Stian Østrem til stades.

Maritime Partner vil også posisjonere seg inn mot konkurransen om å få levere dei mindre båtane dei 28 nye fartøya skal ha om bord. 

– Vi har lyst til å stille som utstyrsleverandør, seier Østrem.

Tøffe år
Maritime Partner har hatt fleire år med store underskot, og fått påfyll av eigenkapital i fleire omgangar.

Samstundes har ordreboka blitt tjukkare og i årsmeldinga for 2024 (som først kom i november 2025), skriv selskapet at det har lukkast med omstillingar som betra resultatet i 2025 og vil gi eit betydeleg positivt resultat i år. 

  • Les meir om forsvarsmøtet i Ålesund under

Publisert: 25.03.2026 10:59

Sist oppdatert: 25.03.2026 13:17

Mer om