Ulstein verft lars luhr olsen 11
Nytt

Peiker på skjer i sjøen for å sikre konkurranse

Fleire forhold må avklarast i kjøpa av nye standardfartøy til Forsvaret, meiner Ulstein Verft-direktøren. 

Marius Rosbach
31.10.2025

Denne veka kom nyheita om at oppdraga med å bygge nye standardiserte fartøy til det norske forsvaret lysast ut som ein konkurranse med anbod der berre norske bedrifter får vere med å konkurrere.

– Det er ei gledeleg avklaring i våre auge. Men det er framleis fleire forhold som er viktig å avklare om ein skal sikre at det blir ein konkurranse der flest mogleg ønsker å delta, seier administrerande direktør Lars Lühr Olsen ved Ulstein Verft til Nett No.

Oppdraget med å bygge dei 28 fartøya vil vere det største oppdraget til norsk verftsindustri nokon gong, og strekke seg over ei ti-årsperiode.

Åtvarar mot krevjande garantikrav
Som kjent samarbeider Ulstein-konsernet med Larsnes Mek. Verksted om oppdraga. Saman har dei meldt si interesse for å utvikle og bygge skipa.

Men verftsdirektøren peiker på at om staten går inn for å stille krav om sokalla konsernspissgaranti - som følgje av Anskaffelsesregelverk for forsvarssektoren - vil det i praksis stenge ute alle norskeigde verft med private eigarar.

– For private eigarar som har anna verksemd i tillegg til det maritime, vil det i beste fall vere krevjande. Og for dei fleste vil det utgjere ein for stor risiko å sette anna verksemd bak slike kontraktar. Det vil då kunne sette ein stoppar for å engasjere seg i konkurransen, seier Olsen.

For dei fleste vil det utgjere ein for stor risiko
Lars Lühr Olsen

Både Ulstein Group og Larsnes-verftet har eigarar som kan vere i ein slik situasjon. Førstnemnte med Ulsmo-konsernet som eigarar, og Sande-verftet med Rostein-reiarlaget som hovudeigarar.

For store børsnoterte selskap med statar som majoritetseigar, vil det truleg stille seg annleis, og risikoen blir i praksis flytta frå bedriftene til dei statlege aktørane. 

Det kan til eksempel vere tilfelle for det Fincantieri-eigde Vard-konsernet - som også er med å konkurransen om forsvarsoppdraga.

Ber om «sivile» kontraktar
Kontraktsforma er eit anna forhold verftsdirektør Lars Lühr Olsen trekk fram.

Styresmaktene har uttalt at fartøya skal vere så sivile som mogleg - og så militære som nødvendig. For å sikre dette - samtidig som tempoet blir halde oppe, meiner Olsen ein bør nytte kontraktar som ligg tettast mogleg opp til dei som blir nytta i sivil skipsbygging.

 – Det vil vere ein stor fordel å bruke etablerte standardar som industrien kjenner. Alternativet vil gjere arbeidet meir langdrygt, iallfall for dei aktørane som ikkje har vore borti slike prosessar tidlegare, legg han til.

Marte Gerhardsen Gunvor Ulstein foto Marius
FAMILIEEIGD: Konsernsjef Gunvor Ulstein (t.h.) hadde nyleg besøk av statssekretær Marte Gerhardsen (Ap). Ulstein eig Ulstein Group saman med søskena sine via Ulsmo-konsernet. Foto: Marius Rosbach

Ber om støtteordningar
Eit siste forhold verftsdirektøren på Ulstein meiner bør kome på plass, er støtteordningar som kan gjere det meir attraktivt for aktørar i den maritime bransjen å delta.

– Mange i industrien balanserer på ei stram line når det gjeld lønnsemd med låge marginar. Då vil det vere viktig å stille midlar til rådigheit som gir gode finansieringsløysingar til forprosjektfasen, seier Lars Lühr Olsen.

Han peiker på at EI slik støtte vil gjere det enklare for små- og mellomstore bedrifter å vere med i ein slik fase. Samtidig vil det vere i tråd med regjeringa sitt mål om meir samspel mellom forvaret og industrien.

Lars Luhr Olsen Marte Gerhardsen foto Marius
ULSTEIN-BESØK: Ulstein Verft-direktør Lars Lühr Olsen tok nyleg mot statssekretær Marte Gerhardsen (Ap) frå Forsvarsdepartementet for å vise kva verftet kunne tilby til forsvarskontraktane. Foto: Marius Rosbach

– Tidsplanen er nok stram
Tidlegare har det vore eit mål at dei første standardiserte fartøya skal vere på sjøen i 2028.

I den ferske meldinga frå regjeringa blir det lagt opp til at dei første skipa skal vere klare til 2030 – med byggestart i 2027. Det er ikkje sett ein dato for kva tid anboda skal vere inne, men regjeringa tek sikte på at Stortinget skal gjere vedtak i løpet av 2026.

– Tidsplanen er nok stram allereie, men vi leverer sivile skip i eit slikt tempo. Og vi har god kapasitet i Ulstein og Larsnes saman med skrogverfta Larsnes Mek Verksted og Ulstein Verft brukar i Polen, påpeiker verftsdirektøren på Ulstein.

Veit lite konkret om fartøya per i dag
Ei utfordring ved dei nye forsvarsfartøya, er at ein førebels veit lite om kva ein skal bygge.

Det er tidlegare opplyst at det skal vere 10 større skip som skal vere havgåande, og 18 mindre fartøy med sokalla kystnær plattform. 

– Eg tippar at det vil kome operative krav til fartøya, som vil danne grunnlag for den forprosjektfasen det er referert til i departementet si pressemelding. Med eit slikt startpunkt er det kort tid fram til første ønska levering. Det å kunne køyre på raskt, vil vere avgjarande for å få dette til, seier verftsdirektøren. 

Publisert: 31.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 30.10.2025 20:58

Mer om