NTB P3k Jg O7 Sc5 I 1
LA FRAM TILRÅDING: Knut Storberget har leia forsvarskommisjonen sitt arbeid. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Forsvarskommisjonen vil ha kraftig opprusting

Behov for store milliardbeløp for å oppfylle Forsvarskommisjonens opptrappingsplan.

03.05.2023

NPK-NTB-Anders R. Christensen: – Trass i ei alvorleg forverring av tryggingssituasjonen dei seinare åra, så har norsk offentlegheit i avgrensa grad teke inn over seg behovet for eit sterkt og framtidsretta forsvar, seier leiaren av forsvarskommisjonen Knut Storberget.

Onsdag overrekte han utgreiinga kommisjonen har jobba med, til forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Storberget seier at forsvarskommisjonen har prøvd å sjå ti til tjue år fram i tid når dei kjem med sine tilrådingar om korleis Noreg bør prioritere Forsvaret.

– Det er ei vanskeleg øving når vi knapt nok veit kva som skjer neste veke, seier Storberget.

30 pluss 40 milliardar
Kommisjonen tilrår eit kraftig løft for forsvarsevna til Noreg og seier at det hastar.

Den tredelte opptrappingsplanen dei foreslår, inneber:

* Å auke forsvarsbudsjettet omgåande med 30 milliardar kroner på gjeldande statsbudsjett.

* Deretter bør forsvarsbudsjettet få ytterlegare 40 milliardar kroner per år i ekstraløyvingar i ti år.

* I tillegg må Forsvaret styrkast med ein permanent budsjettauke på 10 milliardar kroner når perioden med ekstraløyvingar er over, for å sikre balanse mellom investeringar og drift.

Vi ha forsvarsforlik
Samtidig oppmodar kommisjonen Stortinget til å inngå eit breitt forsvarsforlik.

– Det er både for å sikre folkeleg forankring, for å sikre legitimitet, men ikkje minst langtidsperspektiv og føreseielegheit, seier Storberget.

Endra tryggingspolitisk situasjon
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram understrekar, slik også statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Nato-generalsekretær Jens Stoltenberg har gjort det siste året, at den tryggingspolitiske situasjonen har endra seg kraftig.

– Vi står overfor den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen i Europa sidan andre verdskrig. Det er krig i Europa, autoritære krefter vinn terreng på kostnad av demokratiet, folkeretten blir broten, og internasjonale avtalar og spelereglar blir sett til side, seier Gram.

– Dei aller fleste av oss trudde at tida for storskala krig på kontinentet vårt var bak oss, men Russlands overfall på Ukraina viser at det ikkje var rett, seier han.

Knut Storberget har leia forsvarskommisjonen sitt arbeid. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Publisert: 03.05.2023 10:46

Sist oppdatert: 03.05.2023 14:32

Mer om