Smoltfrakt er førebels ikkje omfatta av sanksjonane mot Russland, og Rostein har valt å oppfylle inngåtte kontraktar med smoltfrakt med den russiske oppdrettskjempen Russian Aquaculture.
Til NETT NO har selskapet opplyst at det ikkje vert inngått nye fraktavtalar i dagens situasjon.
Fem millionar smolt
Russian Aquaculture sin norske representant, Arne Geirulv, ønsker ikkje å snakke med NETT NO.
Tidlegare har han opplyst at planen er at det årleg skal fraktast fem millionar smolt frå Russian Aquaculture sine anlegg på Moltu i Herøy og frå Olden Oppdrettsanlegg i Trøndelag.
Det russiske selskapet har brukt rundt 150 millionar kroner på å byggje opp smoltanlegget på Moltu.
Moltu-selskapet er den sentrale leverandøren av smolt til den russiske oppdrettskjempen, som eig rundt 40 oppdrettslokalitetar for laks og regnbogeaure, i hovudsak i Murmansk-regionen.
Har frykta sanksjonar
Russian Aquaculture er notert på Moskva-børsen, og har lansert planar om å å nå eit produksjonsvolum på 35.000 tonn laks innan 2025, der smolten er tenkt å kome frå Norge.
Tidlegare har Geirulv opplyst til NETT NO at han fryktar sanksjonar, men så langt ser årets smolttransport til å gå etter planen.
Geirulv er sjølv styremedlem i det russiske morselskapet, i tillegg til å vere styreleiar i dei norske dotterselskapa, inkludert Øyralaks, tidlegare Villa Smolt, på Moltu.
Moltu-selskapet har rundt ti tilsette.
Publisert: 24.05.2022 11:12
Sist oppdatert: 24.05.2022 13:54