Krister Hoaas foto Ogne
LEVERANDØRINDUSTRIEN MÅ VENTE: Regiondirektør Krister Hoaas i Sjømat Norge er redd leverandørindustrien til oppdrettsnæringa må leve med uvisse om konsekvensen av grunnrenteskatten i fleire år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Spår uvisse minst ut i 2025

Utstyrsleverandørane får svi for uvissa om lakseskatten i fleire år, meiner Sjømat Norge.

26.09.2023

Det er framleis så mykje uvisse rundt grunnrenteskatten på oppdrett, som regjeringa varsla for eitt år sidan og fekk innført i år, at investeringar for fleire titals milliardar kroner enno ligg på is.

Sjølv om det kjem fleire avklaringar om skatten i år, er det først neste år selskapa får vite kva som blir den faktiske skatten for 2023. Deretter blir det rundar med skattestyresmaktene, for ytterlegare avklaring og for løysing av eventuelle tvistar.

Konsekvensen kan bli at bransjen tidlegast i 2025 har ei brei avklaring om korleis grunnrenteskatten slår ut, ifølgje regiondirektør Krister Hoaas i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Sjømat Norge.

Leverandørindustrien får svi
- Oppdrett klarer seg. Det er leverandørindustrien som står og ventar. Det er dei som får svi, sa Hoaas i si innleing på fiskeri- og havbrukskonferansen på Raudeberg ved Måløy tysdag.

Tidlegare har Sjømat Norge anslått at lakseoppdrettselskap sette investeringar for 40 milliardar kroner på vent då grunnrenteskatten blei varsla. Anslaget bygde på ei spørjeundersøkjing hos medlemane, og er no i underkant av 40 milliardar kroner, anslår Hoaas i dag.

Uvisse om pris
Etter forhandlingar i Stortinget i vår blei grunnrenteskatten sett til 25 prosent, i tillegg til ordinær selskapsskatt. Uvissa no er mellom anna knytt til kva pris det skattepliktige overskotet skal reknast frå.

Det er sjøbasert oppdrett som skal skattleggast, slik at konsern med eigen smoltselskap og vidareforedlingverksemd, også må avklare korleis inntekter og overskot skal plasserast i dei ulike selskapa i konsernet.

Fleire negative konsekvensar
Leiar for sjømatverksemda i DNB, Anne Hvistendahl, er samd med Hoaas si vurdering om at uvissa vil vare ei stund. Ein del av investeringane som er sett på vent vil kome, men det tek tid, etter hennar vurdering,

I si innleiing på konferansen lista ho opp fleire negative konsekvensar av grunnrenteskatten; reduserte investeringar, leverandørindustri som er ramma og uviklingsarbeid som mister tempo.

Noko er midlertidig, men Hvistendahl og DNB si vurdering er at grunnrenteskatten ikkje er investeringsnøytral.

Publisert: 26.09.2023 14:39

Sist oppdatert: 27.09.2023 08:22

Mer om