Steinar Lausund
PRISHOPP: Stål, betong og tre. Alt er blitt mykje dyrare på få månadar. Prisauken er for stor til unngå at den slår negativt ut på bustadbyggjinga, fryktar Mostein-sjef Steinar Lausund.
Nytt

Fryktar dramatisk brems i bustadbygginga

Steinar Lausund i Mostein-konsernet spår ei kraftig oppbremsing i bustadbygginga dersom prisnivået held seg på dagens nivå.

21.04.2022

I løpet av få månadar har stål blitt 55 prosent dyrare, betong 28 prosent dyrare og andre byggjematerial 20 prosent dyrare, seier Steinar Lausund i Mostein-konsernet, eit av dei største bustadbyggjarselskapa på Nordvestlandet.

- Viss denne prisutviklinga vedvarer så er eg heilt sikker på at det er mange store prosjekt som enten blir skrinlagt, eller pausa i lang tid, seier Lausund.

Då han såg at ein prisauke kom til å kome sikra Mostein-konsernet seg byggjematerial til gamle prisar.

- Vi har ordna oss med materiale og alt vi treng til dei største igangsette prosjekta våre. Vi har material til gamle prisar for fire-fem månadar fram, seier han.

Overgang
Lageret av byggjematerial til gamle prisar gjer at prisauken ikkje slår ut umiddelbart for Mostein-konsernet, men blir dagens prisnivå vedvarande vil også Mostein-konsernet merke det.

- I verste fall må vi trykkje på pauseknappen, seier Lausund.

Dagens prisnivå vil mellom anna bety at det blir bygd langt færre store einebustadar og færre store leilegheiter, spår han.

Leveringsvanskar
Også Einar Holsvik i Norhus i Ørsta sikre seg meir byggjematerial i det han såg prisstiginga kome.

Men det er til hjelp berre i ein overgangsperiode, og ifølgje Holsvik nøler mange bustadenterprenørar no med å starte nye prosjekt fordi det rett og slett er stor uvisse om når varene kan blir levert.

- Det som er hovudproblemet vi ser no er å få tak i produkt, seier han og brukar vedomnar som døme. Der er antatt leveringstid no 11 til 13 månadar.

Byggjebrems
1. kvartalsstatistikken frå Boligprodusentenes Forening, som blei offentleggjort i dag, viser eit fall på 33 prosent i talet på kor mange bustadar der er starta bygging på i mars i år samanlikna med mars 2022.

"Usikkerhet i entreprenørmarkedet på grunn av den svært sterke prisveksten på byggevarer, uforutsigbarhet på levering av byggevarer og konsekvenser av krigen Ukraina, fører til utsettelser og kansellering av prosjekter.", skriv Boligprodusentenes Landsforening i ei pressemelding.

I Møre og Romsdal er det 56 prosent starta bygging av 56 prosent færre bustadar i 1. kvartal i år samanlikna med 1. kvartal 2021. I siste 12-månadarsperiode er det 25 prosent nedgang samanlikna med førre 12-månadarsperiode.

Tilsvarande tal for Sogn og Fjordane er minus 42 og minus 10 prosent. På landsbasis er endringa pluss to og pluss fire prosent.

Publisert: 21.04.2022 15:00

Sist oppdatert: 19.04.2023 13:07

Mer om