Fryktar fiskeri hamnar paa B laget
VIL IKKJE PÅ B-LAGET: Ein særskatt på fiskeri vil gjere næringa til ein del av eit B-lag av distriktsnæringar, sa styreleiar Jonny Berfjord talen sin på årsmøtet i Fiskebåt i dag.
Nytt

Fryktar fiskeri hamnar på B-laget

Regjeringa sitt framlegg om ein statleg fiskekvotebank er eit finurleg forsøk på å innføre ei ekstra skattlegging av fiskeria, klekt ut av eit statleg utval for seks år sidan.

11.02.2020
Styreleiar Jonny Berfjord i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt skulda på Scheel-utvalet frå 2014 då han i talen på årsmøtet til Fiskebåt i dag skulle forklare kvifor Regjeringa vil ha ein statleg fiskekvotebank, der staten dreg inn deler av fiskekvoten når fiskarar samlar større kvotar på færre båtar - og leige dei ut igjen.
Korleis kunne det skje, når alle regjeringspartia på førehand hadde sagt at dei var mot ressursrenteskatt på fiskeri og havbruk, spurte Berfjord i talen sin på Fiskebåts årsmøte i dag. Han svarte sjølv:
"I 2014 blei det såkalla Scheel-utvalget sin NOU lagt fram. Der blir det sagt direkte at det bør vurderast å innføre særskilte grunnrenteskattar på blant annet fiskeri- og havbruk, og det er det regjeringen på ein finurlig måte har prøvde å få til.", sa Berfjord.

Blir B-lag

Fiskebåt er bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten, og er ein viktig del av Norges Fiskarlag. Begge organisasjonane har markert sterk motstand mot framlegget om ein statleg fiskekvotebank, som er ein del av Regjeringa sitt framlegg nye reglar for korleis fiskekvotane skal fordelast. Regjeringa sitt framlegg kom i fjor, og er no til behandling i Stortinget.

I talen sin i dag skulda Berfjord regjeringa for å favorisere næringar i Oslo på bekostning av næringar i distrikta, med sitt framlegg om fiskekvotebank.
"Tenk dykk - vi skal ha eit skattemessig A- og B-lag, så er det vi som har risiko så det held som hamnar på B-laget. Eigedom i Oslo frå redusert sats, og rekninga får kyst-Noreg", sa Berfjord i talen.

Investeringar på vent

Framlegget om eit nytt regelverkr for fordeling av fiskekvotar kom i fjor, men har si forhistorie heilt tilbake til 2014 då det såkalla Tveterås-utvalet kom med framlegg av omfattande endringar i regelverket for både fiskeri og fiskeindustri.
Det utvalet sine råd utløyste nye rundar med vurderingar og utval, som førebels enda med regjeringa sitt framlegg i fjor. No håpar Berfjord vi snart er ved vedg ende.
"Næringa har stått i ventemodus sidan Tveteråsutvalets innstilling i 2014. Vi ventar på avklaringar rundt sentrale rammevilkår for utøvarane i fiskeflåten. Viktig investeringar er det siste året sett på vent. Skal vi gjere store investeringar for å nå miljømål og auke vårt bidrag til BNP (bruttonasjonalprodfukt, red. merk.), må vi få ein avklaring på viktige rammevilkår.", sa Berfjord i talen.

Publisert: 11.02.2020 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52