Fryktar prisfall med nye reglar
PRISFALL: Lisa Leinebø Pinheiro meiner framlegget frå fiskesalslaga vil gi prisfall på fisk.
Nytt

Fryktar prisfall med nye reglar

Lisa Leinebø Pinheiro går hardt ut mot framlegg til nye reglar for korleis fiskebåtreiarane skal selje fisken sin. Umogleg å handtere, skriv ho om framlegget frå fiskesalslaga.

10.01.2020
I formiddag er medlemane i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt samla til medlemsmøte for å diskutere framlegget frå fiskesalslaga til korleis fiskebåtreiarane skal selje fisken sin.
Framlegget får tommelen ned frå Leinebø Pinheiro, som arbeider i salslaget PHL Seagold, søsterselskapet til fiskebåtreiarlaget Leinebris. Med dette framlegget tener ikkje salslaga fiskarane sine interesser meiner ho.
"Absolutt krav om 50 prosent auksjon per landing vil vere umogleg å handtere. Det vil øydelegge for kombinasjonen auksjon og kontrakt, som er avgjerande for å halde oppe pris i marknaden", skriv Leinebø Pinheiro i eit innlegg i NETT NO.

Langvarig strid

Striden om korleis fisken skal seljast har vart i fleire år, og har blitt tilspissa av at fleire fiskebåtreiarlag har bygt opp eigne salskanalar og eigen merkevare. Frå kjøparsida er det reist kritikk mot at fiskebåtreiarlag etablerer eigne salsselskap, og tek hand om sal og distribusjon sjølve. Det er og strid om fisk som blir seld på lange kontrakter. Begge deler gjer det vanskeleg å få tak i fisk, sjølv om både betalingsvilje og -evne er der, slik fiskeindustrien ser det.
Så seint som i går sa fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik at aktørane i sjømatnæringa må finne ei løysing, om ikkje så vil regjeringa vurderer å påby auksjon.

Prisen går ned

Salslaga - som har monopol på førstehandsomsetninga av fisk - varsla i fjor haust at dei kom med eit framlegg som mellom anna vil påby at meir fisk skal seljast på auksjon.

Slik Leinebø Pinheiro ser det er framlegget frå salslaga for detaljert og stivbeint og vil bidra til å presse prisen ned. Det tek mellom anna ikkje omsyn til konsekvensen for prisen i heile verdikjeda, der sluttbrukaren betaler ein høg pris nettopp fordi dei er trygge på kvaliteten frå ein leverandør.

Publisert: 10.01.2020 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49