I tre år har forskar Svein Kristian Stormo og kollegaene i Nofima arbeidd med å finne dei beste metodane for frysing og tining av torskefisk. I går tok Stormo livet av ein seigliva myte då han presenterte funna på Ombordfrystkonferansen i Ålesund: Det finnes ikkje noko vitskapleg grunnlag for å tru at 18 minusgrader er nok, sjølv om det er ei vanleg oppfatning i næringa.
- Industrien som ønskjer å ha god kvalitet på frosenfisken bør begynne å skru temperaturen lågare, seier Stormo til NETT NO.
Kor mykje lågare har han førebels ikkje svar på, men han trur det bør vere mykje kaldare.
- Eg trur mykje er gjort på minus 30 grader, seier han.
Han ventar ikke ei umiddelbar omlegging til lågare temperaturar, mellom anna fordi det vil kreve store investeringar og føre til auka energikostnadar, men håpar å ha sett i gang ein prosess.
Vurderinga blei gjort i samarbeide med Stormo og konklusjonen var at det ikkje ville løne seg. Skal temperaturen senkast må det investerast betydelege beløp i anlegget, samstundes som det vil kreve meir energi, utan at det er råd få få nok ekstra betalt for auken i kvaliteten på fisken.
Eit anna poeng - ettr Fladfmark si vurdering - er at fisken må haldast like kald hos alle aktørane i varekjeda fram til forbrukar. Sviktar det i eitt ledd går det ut over kvaliteten.
- Industrien som ønskjer å ha god kvalitet på frosenfisken bør begynne å skru temperaturen lågare, seier Stormo til NETT NO.
Kor mykje lågare har han førebels ikkje svar på, men han trur det bør vere mykje kaldare.
- Eg trur mykje er gjort på minus 30 grader, seier han.
Vil sette i gang ein tanke
Stormo seier til NETT NO at poenget med foredraget på Ombordfrystkonferansen var få fiskerinæringa til å tenkje nytt om frysing av fisk.Han ventar ikke ei umiddelbar omlegging til lågare temperaturar, mellom anna fordi det vil kreve store investeringar og føre til auka energikostnadar, men håpar å ha sett i gang ein prosess.
Løser seg ikkje
Bjørn Fladmark i salsselskapet Normarin, som eig fryseterminalselskapet Sunnmøre Fiskeindustri, seier dei har vurdert lønsemda i å lagre fisken enda kaldare enn dei gjer i dag, på minus 21 til minus 23 grader.Vurderinga blei gjort i samarbeide med Stormo og konklusjonen var at det ikkje ville løne seg. Skal temperaturen senkast må det investerast betydelege beløp i anlegget, samstundes som det vil kreve meir energi, utan at det er råd få få nok ekstra betalt for auken i kvaliteten på fisken.
Eit anna poeng - ettr Fladfmark si vurdering - er at fisken må haldast like kald hos alle aktørane i varekjeda fram til forbrukar. Sviktar det i eitt ledd går det ut over kvaliteten.
Publisert: 10.01.2020 06:00
Sist oppdatert: 02.03.2021 14:37






