Abs
KYSTRUTEN: Bent Martini styrkar laget med Sandra Ness og Lasse A. Vangsten. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Frå Avinor og Vålerenga til Havila Kystruten

Den nye kommunikasjonssjefen har bakgrunn frå Vålerenga, X-Games, Avinor og Boligpartner.

02.03.2022

- Vi treng dyktige folk innan kommunikasjon som kan bistå oss med alt som går på det reint marknadsmessige og menneskelege, som å handtere media og internkommunikasjon, men ikkje minst også innanfor krise- og beredskapskommunikasjon.

Det seier adm. dir. Bent Martini i Havila Kystruten etter at selskapet har tilsett Lasse A. Vangstein (43) i ei nyoppretta stilling som kommunikasjonsansvarleg.

- Attraktiv stilling
Han kjem frå stillinga som kommunikasjonssjef i Boligpartner, men har før det arbeidd med kommunikasjon i selskap som Vålerenga Fotball, Avinor og X-Games.

Vangstein hadde første arbeidsdag i selskapet 1. mars.

- I mine auge er dette ei av dei mest attraktive stillingane innanfor kommunikasjonsfaget, og som over snittet interessert i reiseliv og transportsektoren, var det lett å takke ja då eg fekk sjansen.

- Å få sjansen til å vere med på ei av dei største satsingane innan norsk reiseliv på mange år er svært spennande, seier Vangstein, i ei pressemelding.

Klima & Miljø
I tillegg til Vangsten har Havila Kystruten tilsett Sandra Ness (34) som leiar for Klima & Miljø.

I pressemeldinga vert det vist til at ho har erfaring frå det maritime som marknadssjef for TMC Compressors, ein leiande leverandør av teknologi til shipping, maritim og offshore.

Ho har også erfaring frå sine eigne selskap Turnss & Arctic Whale for å utvikle verktøy for berekraftig utvikling og kommunikasjon.

Sandra Ness starta i stillinga 1. februar.

- Vi er verdensleiande på miljøsida innen skipsfart, og det treng vi hjelp med å kommunisere ut, seier Martini.

Publisert: 02.03.2022 08:35

Sist oppdatert: 02.03.2022 08:57