Per sævik havila capella på dekk foto kjetil 11
KYSTRUTA: Per Sævik kjenner seg godt att i skipsleia etter tida som fiskeskipper. Snart har han fire skip i sving som kvar kan transportere 640 passasjerar gjennom den same leia. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

– Det er nok fiskar eg er, om eg er noko

Det gjekk rykte om at ein fiskar frå Sunnmøre hadde tatt opp kampen med Hurtigruten om kystruta Bergen – Kirkenes. «Fiskaren» angrar ikkje.

17.12.2021

- Nei eg er sikker på at både satsinga og konseptet vårt er rett.

- Vi er litt urolege for konsekvensane av koronapandemien. Men på sikt er eg heilt sikker på at dette vert veldig bra, seier Per Sævik.

Det var i mars 2018 at Herøy-selskapet Havila Kystruten fekk tilslaget med Samferdsledepartementet om å trafikkere kystruta Bergen – Kirkenes med fire skip.

På førehand gjekk det rykte om at Color Goup hadde lagt inn bod, i tillegg til Hurtigruten som lenge hadde hatt alle skipa som gjekk denne legendariske ruta mellom 34 hamner.

Og så skulle altså også ein fiskar frå Sunnmøre ha meldt seg på i kampen.

Mange loddeturar

Vi møter Per Sævik på jomfruturen for Havila Capella. Undervegs er 81-åringen like mykje i styrehuset som på eitt av dei ni dekka.

Han minnest tilbake då han sjølv gjekk same leia.

- På ein vinter gjekk eg ti turar her med lodde med båten Geitung, seier Sævik.

Og med båten Artus, som hadde stor djupgang, hadde det hendt at han slo ned i botnen når han var tungt lasta.

Per sævik landgang havila capella mjølstadneset foto kjetil 22
MJØLSTADNESET: På heimebane i Herøy blei Havila Capella teke mot med hurrarop og norske flagg. Per Sævik jobbar for at kystruteskipa skal få legge til fast på Mjølstadneset. Foto: Kjetil Haanes

Trygg seglas
Den tidlegare fiskeskipperen legg merke til at fleire av dei kjende grunnene i leia no er fjerna og leia er betydeleg oppgradert etter at han slutta på sjøen.

- Utstyret om bord er også mykje betre enn det vi hadde å hjelpe oss med. Her er heile ruta elektronisk innplotta på førehand, men uansett er det framleis slik at sjømannskapet er det viktigaste.

Sævik meiner at det no er mykje tryggare å gå med båt i leia langs norskekysten.

- Eg opplever det som ein trygg seglas Havila Capella og dei tre andre skipa våre skal ut på.

Sjølv følgjer han enno godt med på korleis det går i fiskeria, og er dagleg innom Sildelaget sine sider for å sjekke ferske innmeldingar.

- Det er nok innerst inne fiskar eg er, om eg er noko.

- Og når ein ser korleis mange av fiskarane har det no, så har eg av og til tenkt at eg ikkje burde ha slutta, seier han og humrar.

(saka held fram under)

Havila Pollux og Havila Polaris sjøsetting Tersan foto Havila Kystruten11
ALLE FIRE PÅ SJØEN: Skipene Havila Polaris og Havila Pollux blei sjøsett i Tyrkia denne veka og blir leverte til sommaren. Skip nummer to Havila Castor skal ut på første seglas i april. Foto: Havila Kystruten

Utfordringar i kø
Havila Capella er det første av fire skip som Tersan-verftet i Tyrkia skal levere til Havila Kystruten. Undervegs har ein vore gjennom spansk verftskonkurs, koronaproblem og ei rekke utsetjingar.

Per Sævik seier at han sjølv var seks-sju gongar til Tersan-verftet utanfor Istanbul siste halvåret. Og då det vart ny utsetjing etter at Havila Capella kom fram til Bergen, skal han ha sagt at han ikkje kom til å reise heim før alt var på plass til oppstart 12. desember.

- Det var på høg tid at vi kom oss i gang. Det har vore nok utsetjingar.

- Samstundes lærde vi mykje under seglasen frå Tyrkia til Bergen, og vi trengde også dei ekstra dagane vi hadde i Bergen. Det var ei relativt lang liste med punkt å rette opp i.

Eg opplever det som ein trygg seglas Havila Capella og dei tre andre skipa våre skal ut på
Per Sævik
Havila Capella foto Per Eide Havila Kystruten 11
FØRSTE SEGLAS: Havila Capella då skipet passerte Flø på første seglas. Foto: Per Eide/Havila Kystruten

Gode tilbakemeldingar
Undervegs på jomfruturen har det også vore ein del utfordringar. Blant anna slutta lemmen til publikumsinngangen å virke etter Ålesund, slik at passasjerane måtte gå via lemmen til lasteromet. Sævik tok tak.

- Det er enno ein del barnesjukdomar vi må rydde vekk, men eg har god tru på at vi slepp så mange problem på dei tre siste skipa.

Fall-lemmen vart reparert i Bodø, og mange av dei rundt 120 passasjerane som er med på jomfruturen, dei fleste tyske, rosar skipet, og ikkje minst maten.

- Tilbakemeldingane frå passasjerane har vore veldig gode. Det viser at vi er inne på det rette, seier Sævik.

Svein gjelseth arthur sævik Havila Capella foto kjetil 11
PANORAMAUTSIKT: Fleire kjentfolk frå lokalmiljøet i Herøy var med på jomfruseglasen. Ap-politikar Svein Gjelseth og reiaren sin yngre bror, Arthur Sævik, kosar seg med utsikta frå store panoramanvindauge om bord. Foto: Kjetil Haanes

Viktig med pengar inn
Havila Capella er 124,1 meter lang, 22 meter brei og har ein passasjerkapasitet på 640.

På neste tur er planen å fylle opp med rundt 75 prosent av passasjerkapasiteten, ein tur frå Bergen som startar 23. desember.

- Vi er veldig spente på om det vert mange kanselleringar på grunn av dei nye restriksjonane, og at det heller ikkje er lovleg å servere alkohol om bord.

- For oss er det viktig at det etter kvart kjem pengar inn, og ikkje berre ut, seier Sævik.

Havila Capella gods Måløy foto kjetil 11
PLASS TIL GODS OG BILAR: Skipet kan frakte 60 pallar og ni bilar, og har i tillegg stort kjølerom. Her kjem det last om bord i Måløy. Foto: Havila Kystruten

Fire milliardar kroner
Mange er opptatt av at Havila Capella er eit miljøskip. Skipet går på LNG, og i tillegg har ein om bord ein av verdas største batteripakkar, slik at ein kan gå fire timar berre på batteri. Dermed kan skipet gå heilt utsleppsfritt i Verdsarvfjordane, som Geirangerfjorden.

I tillegg har fartøyet ei rekke tekniske nyvinningar som skal sikre mindre utslepp og reduserte driftskostnader.

Kvart skip kostar rundt ein milliard kroner, slik at den samla investeringa for Havila-konsernet er på rundt fire milliardar, den største enkeltinvesteringar av eit selskap på Sunnmøre nokon gong.

- For eit lite selskap som vårt, er dette ei rimeleg stor investering, seier Sævik som ei forklaring på kvifor han sjølv har vore så tett på prosessen, ofte ned til minste detalj.

Han har også kome med innspel om endringar undervegs.

- Eg er nok ein slik person som ikkje kan mykje om noko, men kan litt om mykje.

Per sævik havila capella akterdekk foto kjetil 11
AKTERDEKK: Per Sævik på akterdekket på Havila Capella. Foto: Kjetil Haanes
Sjølv om eg har ein del år bak meg, føler eg ikkje at eg dreg på alderen
Per Sævik

Opptatt av å skape
Når alle dei fire skipa er på sjøen, vil Havila Holding-konsernet ha rundt 3.000 tilsette.

Per Sævik ser ikkje vekk frå at det kan verte endå fleire. Han er opptatt av å skape, men seier at det no er fullt fokus på å få alle dei fire skipa i drift.

- Ja, og eg håper at det vil ha skjedd i løpet av første halvår neste år.

Sunnmørsmøblar
Om bord er det mykje utstyr frå norske produsentar. Sjølv er han glad for at det heilt på tampen vart bestemt å satse på møblar frå Sunnmøre. Blant anna kjem stolar og sofaer frå Brunstad, Fora Form og Ekornes, medan ein kan slappe av i lugarane på madrasser frå Recticel på Åndalsnes.

Også fellesområde med lounger, atrium, konferanserom, kafé, buffetrestaurant og a la carte-restaurant har sitje- og kvilestolar frå dei sunnmørske møbelprodusentane.

81-åringen har ikkje tenkt å gi seg med det første.

- Nei, sjølv om eg har ein del år bak meg, føler eg ikkje at eg dreg på alderen.

- I tillegg synst eg dette er både interessant og spennande å vere med på, så om helsa held vil eg gjerne vere med vidare.

Havila capella snorklipping tromsø foto kjetil 11
TROMSØ: I pøsande regnver tok ei rekke pressefolk og hamnedirektør Jørn Even Hanssen i Tromsø hamnevesen imot Havila Kystruten-trioen Arne Johan Dale, Bent Martini og Per Sævik på kaia i Tromsø. Havila Capella segla inn til byen berre på batteri, for første gong under seglasen. Foto: Kjetil Haanes

Publisert: 17.12.2021 10:55

Sist oppdatert: 17.12.2021 11:14

Mer om