Roald M Engeness havila Capella
VETERANAR: Professor Knut Kaasen og advokat Roald M. Engeness på 'prøvetur' med Havila Capella. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Veteranar med klar dom over Havila Capella

Få har tatt fleire turar med kystruten enn advokat Roald M. Engeness. Han var spent før jomfruturen.

21.12.2021

- Eg kjende litt til Per Sævik frå før, ikkje minst gjennom hans eigarskap i Fjord1. Eg trudde det vart bra, men eg er likevel positivt overraska, seier advokat Roald M. Engeness.

- Eg var i utgangspunktet litt skeptisk, men gjekk om bord med ope sinn. Skepsisen er no vekke, seier professor Knut Kaasen.

Engeness er frå Bodø, men har budd i Trondheim sidan 1981. Han har vore lagdomar i Frostating, hatt møterett i Høgsterett og hatt eigen advokatpraksis.

Ei hurtig rute
Og han kan meir om hurtigruta enn dei fleste. For det er hurtigruta han helst vil kalle kystruta.

- Vi må ikkje gløyme at bakgrunnen for at Richard With i 1893 tok initiativet til kystruten var at det skulle etablerast ei hurtig rute mellom Trondheim og Nord-Norge for post, gods og folk.

- Dette er bakgrunnen for namnet Hurtigruten. Det skal vere korte stopp mange stader, slik at gods og folk kjem seg fort fram.

- For kysten har kystruten hatt den same funksjonen som jernbana har hatt for innlandet, seier Engeness.

Bra med konkurranse
Sjølv skulle han gjerne sett at alle selskap brukte fellesnemninga hurtigruten på alle skip som trafikkerer strekninga, men trur at nemninga kystruten etter kvart vert innarbeidd ettersom både Hurtigruten AS og Havila Kystruten AS no trafikkerer strekninga.

Han synst det er bra at Hurtigruten fekk konkurranse.

- Men det er viktig at dei to selskapa samarbeider godt. Det må dei, og det har tidlegare vore opptil fem selskap som samarbeidde om kystruten.

Har vore med 27 kystruteskip
Engeness har vore med alle 27 kystruteskipa etter krigen, med unntak av Sanct Svithun, som forliste utanfor Folda i Trøndelag hausten 1962.

Før han gjekk om bord i Havila Capella var han litt redd for at det vart for mykje luksus og cruisepreg over det nye skipet til Havila kystruten.

- Men eg synst balansen er bra mellom cruise og kysttrafikken. Her kjem trass alt skipa heilt inn i dei indste fjøresteinane og folket om bord kjem tett på livet på kysten av Norge.

20211214 114447 001
TRONDHEIM: Havila Capella ved kai i Trondheim på jomfruturen. Foto: Kjetil Haanes

Kystfolket sine behov
Engeness har inntrykk av at siste åra har det vore for lite fokus på kva som er årsaka til at staten støttar aktørane som held kystruta i gang.

- Det har vore for lite fokus på behova til samfunna langs kysten i nord, men det ser heldigvis ut til at Per Sævik og Havila kystruten tar dette på alvor.

- Dette er heilt avgjerande for vidare støtte.

Ei livbøye
Sjølv om reisevanane har endra seg, viser Engeness til at kystruten framleis har ein heilt spesiell funksjon for folket i mange kystsamfunn.

- For mange er dette ei livbøye. Det kan vere ras, straumbrot og isolerte samfunn, med unntak av hurtigruten, som går kvar dag heile året.

- I tillegg har skipa ein viktig sikkerheitsfunksjon, der dei observerer dagleg og kan varsle om fare, og fleire gangar gitt bistand til skip i havsnaud.

For kysten har kystruten hatt den same funksjonen som jernbana har hatt for innlandet
Roald M. Engeness

Mykje uteplass
Reisekamerat Knut Kaasen er professor ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo.

Han er opphaveleg frå Sandnessjøen, og hugsar med glede tilbake til alle hurtigruteturane i barndomen. Han saknar den atmosfæra som var då, men innser at det no trengst eit meir cruiseliknande tilbod for dei som er med på heile rundreisa.

Han var i utgangspunktet litt skeptisk før han gjekk om bord i Havila Capella.

- Men inntrykket er veldig positivt. Eit flott skip med flotte linjer, med lugarar som er komfortable og ikkje minst er det bra at det er god plass til å vere ute på fleire av dekka.

Tilsette som trivst
Men viktigast synst han at stemninga til dei tilsette er om bord.

- Det ser ut til at dei tilsette trivst, og har det kjekt saman. Det smittar over på oss passasjerane. Og her er det tydeleg at folk har det bra om bord.

Han planlegg å invitere 60 personar om bord til eit kurs i sjørett.

- Då går vi om bord i Tromsø og vert med til Trondheim.

Havila capella Finsnes per lund Bent Martini foto kjetil 11
FINNSNES: Stor stas i mange hamner på jomfruturen til Havila Capella. Her får adm. dir. Bent Martini overrekt bilde av hamnesjef Per Lund på Finnsnes. Lund har vore hamnesjef i 52 år, og vil ikkje gi seg før siste Havila-skipet er i rute. Foto: Kjetil Haanes

Rosar Kleven-bygde Finnmarken
Sjølv meiner Kaasen at Kleven-bygde Finnmarken er det flottaste kystruteskipet han har vore om bord i.

- Her var det etter mitt syn den ideelle kombinasjonen mellom komfort og ivaretaking av behova til kystfolket.

Roald M. Engeness har derimot eit anna favorittskip.

- Det er eit lett spørsmål. Det er Havila Capella.

- No er eg her, og det skipet eg er på til eikvar tid er mitt favorittskip.

- Ja, heilt sant. Slik er det, seier Knut Kaasen.

Ps: Facebook-gruppa 'Hurtigruten fra dag til dag, historie og litt' til har no endra namn til 'Hurtigruten/kystruten fra dag til dag, historie og litt til'. Gruppa har nesten 6.000 medlemar

Risøyhamn hoved
RISØYHAMN: Til lenger nord Havila Capella kom på jomfruturen, til meir folk møtte opp på kaia. Her frå Risøyhamn. Foto: Havila Kystruten

Publisert: 21.12.2021 05:50

Sist oppdatert: 05.05.2022 09:40