20211215 133211
BODØ: Bent Martini vert intervjua av NRK i Bodø under jomfrututren med Havila Capella. Han lovar å ta samfunnsoppdraget for kystruten på alvor. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Vi skal ikkje ha avstand mellom sjø og land

Adm. dir. Bent Martini i Havila kystruten tok med store deler av landorganisasjonen om bord i Havila Capella for å lære kva som er viktig.

21.12.2021

- Det er få på land som har kompetanse på drifta av denne typen skip, som er eit lasteskip, eit passasjerskip og eit cruiseskip.

- Og dersom dei på land ikkje forstår produktet, så fungerer det ikkje.

Det seier Martini som forklaring til at så mange frå landadministrasjonen var med på jomfruturen for Havila Capella.

- Er berre støttefunksjon
Martini seier at det er viktig at dei på land forstår at dei berre er støttefunksjon for dei om bord.

- Det er lett for landorganisasjonen å bli for stor og dermed også distansere seg frå den skapande delen. Det er dei om bord vi er til for, det er dei som møter kundane.

Havila capella per sævik 81 år foto kjetil 11
REIAR: Per Sævik rosar dei tilsette under markeringa av Sævik sin 81-årsdag. Foto: Kjetil Haanes

Rett i løysingsmodus
Han rosar dei tilsette om bord.

- Mange har vore permitterte, men kjem tilbake med stor kraft.

Han seier at det har vore masse utfordringar å ta tak i.

- Men dei tilsette har tatt det sporty. Dei tilsette har gått rett i løysingsmodus i staden for å gå i kjellaren.

- Eg er kjempeimponert.

Mange av dei tilsette kjem frå Hurtigruten etter å ha vore gjennom verksemdsoverdraging.

- Det hjelper godt på at det er mange med masse erfaring, men det er også tydeleg at mange er glade for å jobbe for oss, seier Martini, som sjølv har bakgrunn frå Hurtigruten.

Først lære å krabbe
På jomfruturen har det vore rundt 120 passasjerar på heile rundreisa Bergen - Kirkenes - Bergen, dei fleste tyske og franske.

- Vi kunne fylt opp båten, men vi vil starte forsiktig, seier Martini.

Han seier at ein blant anna legg forsiktig til og frå dei ulike kaiene, og at det trass alt er i ei av dei mest utfordrande leiene langs kysten at kystruteskipa skal gå.

- Vi må lære å krabbe før vi kan gå, og denne prosessen tek vi på største alvor.

- Tar ingen risiko
Blant anna har det vorte testa å gå kun på batteri, som Havila Capella gjorde inn til Tromsø.

- Det fungerte heilt fint.

I Bodø vart det også fylt LNG, sjølv om skipet skal kunne gå heile rundturen på ei tanking.

- Det dreier seg om sikkerheit og trening. Vi tar ingen risiko, og lærer oss å bruke skipet optimalt.

Dei tilsette har gått rett i løysingsmodus i staden for å gå i kjellaren
Bent Martini
20211215 133713
LNG: Havila Capella kan gå både på batteri og LNG. Her fyller skipet LNG i Bodø. Foto: Kjetil Haanes

God respons
Martini seier at tilbakemeldingane frå passasjerane har vore svært gode. Det same med responsen frå folk som har tatt imot skipet på dei ulike stoppestadane.

- Heilt fantastisk. Vi har tydelegvis vore sakna, og mange uttrykker også glede over at det kjem inn ein ny aktør.

Til lenger nord skipet har kome, til meir folk og markering har det vore på stoppestadane. Dette har Martini lagt merke til.

Hovedoppdraget
Statsstøtten er også knytt til trafikken mellom hamnene på strekninga Tromsø - Kirkenes.

Martini seier at Havila kystruten tek hovedoppdraget på stort alvor.

- Mange er avhengige av kystruten. Når andre stoppar opp, er vi der, heile året.

Han seier at det er lett for at kommersielle omsyn gjer at ein fokuserer for mykje på cruisedelen.

- Men det skal ikkje vi gjere.

20211216 133349
JOMFRUTUR: Bent Martini i ein pause under jomfruturen med Havila Capella. Foto: Kjetil Haanes

Publisert: 21.12.2021 13:42

Sist oppdatert: 22.12.2021 16:04